Sumarkvelden paa fjellet

(Dikt, 1885)

 

Av Henrik Krohn

 

            Nutar og tindar,
            kollar og rindar
kveldsoli kransar med raudgylte render.
            Giddande baaror,
            glitrande gaaror
leika so lint imot fjellvatnets strender.

 

            Utyver stupet
            ser eg i djupet
storelvi fram undan lauvskogen strøyma,
            framaat seg kasta,
            lengtande hasta
aa ned i fanget aat fjorden seg gøyma.

 

            Sylvkvite fossar
            fjellsida krossar,
govet det siger so sagta med draatten,
            smaabekkjer lulla,
            elvarne bulla,
ljoda i samspil som leikande slaatten.

 

            Kveldsroden giddar
            paa votn og vidder,
bredarne liggja i gullraude glima,
            rjupor paa heidi
            søkja aat reidi,
fjelli i syni seg sveipa i dima.

 

            Upp ser eg glida,
            sagteleg skrida
burte fraa selet røyk gjenom ljoren;
            klakrande elden
            i dimme kvelden
sender sitt ljos gjenom dyrri fraa aaren.

 

            Soli mun siga,
            skuggarne stiga,
snart dei seg heilt yver fjellgarden strekkja;
            eg sit og drøymer,
            dagsstrævet gløymer,
kveldsfreden ljuvt seg i saali mun sekkja.

 


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad