Nyttaarskvæde 1870

(Dikt, 1870)

Av Henrik Krohn

Atter til Ende
eit Aar er lidet.
Mann etter Mann
i Moldi gøymest.
Men Dygd og Daad
i Dagen verd uppe
til Lærdom for Lyden,
si Leid at ganga.

Lat og lenge
i laaka Tider
Nordmann i nidmyrke
Natti vinglad;
svævd i Svevnorom,
svivyrd i Heimen,
miste han Minnet
av megtuge Feder.

Seint um sider
Sotti tok at kverva,
Augo at opnast
etter alderlange Svevnen;
Haralds og Haakons
Huglag no atter
leikar hjaa Lyden
um Landet heile.

Frilyndte, fræge,
framfuse Kappar
tala paa Tinget
som Torgny djerve,
verja mot vonde
Vette vaar Fridom,
vinna Vyrdnad
og Velsemd aat Noreg.

Skaplege Skular
skipast i Bygdom
til Beine og Bate
fyr Bonden i Dalom,
han som lyster at løysast
or lange Umegd
og Faret at finna
til Federne atter.

Men myket av modlause
Menner enn her ganga,
som blinde og blauthjartad
blygjast av sitt Heimland,
lasta med leide
Læte dat som norskt er,
strida strunke
mot Straumen fraa Folket.

Fyrste Ordet Fordom
og Faavit endaa fører;
Stakkarsdom stender
ved Styret i Noreg;
Haugtussar haldast
i Høgsætet uppe.
Langt er at laupa
fyr Leiken er vunnen.

Fram daa Fjordbu
og Fjellbu til Laupet!
Rive dat rotne,
rydje Heimegrunnen;
i Fylkning lat finnast
fegne Gutar,
som Tussarne tyna
paa Tufter gamla!

Daa Nordmenn med Nøgje
i Noregs Dalar
mun fime ferdast
som i forna Tider
og stortenkte, sterke,
lik staute Feder
leggja sin Lut
til Landsens Æra.

Med Lyst og Leik
i Laget mun fylgja
milda Møyar
med dei Menner støde,
som Sverdet svinga
mot svarte Ulvar
og Sedskap og Sanning
søkja i Striden.

Atter er Aaret
i Upphavet framme.
Lat dat no langt
og lenge spyrjast,
at gilde Gjerning
gjordest av Gutom;
lat Runer ritast
um Riket, som blømer!

Dette Dikt, som eg [A.O. Vinje] her tek up etter Bergens Tidende, maa eg visa, at det var sannt eg sagde, daa eg her meinte Henrik Krohn, at han skriv so gode Vers som det finnst. Det skal ingen Mann i Bokmaalet koma og gjera os det etter.
 
 

Frå Dølen. Eit Vikublad. No. 4. Sundag den 23de Januar 1870. 8de Aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad