Jolakvæde

(Dikt, 1866)

[Av Henrik Krohn]

Du myrkaste Veter med Storm og med Snjo,
med beiskaste Kulde og islagde Sjo,
eg vyrder deg inkje, eg starar so glad
paa Ljoset, som lyser fraa Betlehems Stad.

Dat varmar mit Hjarta og skiner so bjart,
um allting i kring meg er kolande svart;
men Ljoset dat kjem or tvau Augo smaa
fraa Barnet, som ligg i ei Krubba paa Straa.

Eit Under dat er, at ein nyfødd Gut
til Gleda kann venda all Heimsens Sut,
at han kann gjeva meg Heilsobot
fyr alt som vil gnaga mi Hjartarot.

Eg bøygjer mitt Kne og skodar beint inn
i Augo, for Barnet er Frelsaren min,
som Fader i Himmelen sjølv meg gav
at Lysa meg fram gjenom Myrkr og Grav.


Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. No. 51 og 52. Laugardagen dan 22de Desember 1866. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad