Helsing aat Kvendi

(Dikt, 1870)

dan fyrste Kvelden dei vaaro med i Vestmannalaget
 
Av Henrik Krohn
 
Me lika godt, naar vaare Kvende koka Mat
og fjelga Stova vaar og reinska Kopp og Fat.
Me takksam' er, naar dei vaar slitne Kufta bøta
og nar aat oss dei mjuke, varme Sokkar spøta.
Alt slikt er ogso god og skapleg Kvendegjerd.
Men Kvendi vardt til Fylgja skapt paa all vaar Ferd.
Dat difyr vardt ei hardla rang og usann Læra,
at bert paa Naal og Koft og Tvora ho skal bera.
Nei, i vaart Tankeliv skal ho just vera med.
Dat høver og so godt med gamall Nordmannssed,
at Kvendi vaare baade gjenom Helg og Yrkje
fær vera med i Mannsens beste Tanka-Vyrkje.
Paa hennar milde Augnalag ein og kann sjaa,
at meire hugvarm Lagsmann kann me aldri faa.
Med Kvendi kjem her Ljos og Solskin inn i Salen,
som Hjartat varma skal og leggja Glod i Talen.
Difyr me bidja dykker ein og annan Song
herinne lyda paa vaar Tale og vaar Song.
Ei just med di de her skal nokot høgt faa læra,
men me ei utan dykkar Samhug kunna vera.
Ja de oss kvessa skal at bruka all vaar Dug.
Og naar so Kvendi signer med sin varme Hug,
daa skal med Gjerdi vaar me ogso Framgang finna,
so stødt Vestmanna-Laget kann til Maalet vinna.
 

Frå Fraa By og Bygd. Tidskrift aat Vestmannalaget. I. Bjørgvin. Hjaa Edv. B. Giertsen. 1870. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad