Hausttankar

(Dikt, 1893)

Av Henrik Krohn

Hausten er komen, blomarne folna;
raunarne raudna og bjørkerne gulna;
bladi dei losna og falla fraa grein,
fjuka med vind yver moar og stein,
ja dei fjuka.

So mine voner og skifta og gleppa,
losna fraa roti i hjartat og sleppa.
Ljos vert til myrker; det faste vert laust;
vonerne fjuka som vinden um haust,
ja dei fjuka.

* * *

Men sjaa uppaa greini, der bladet var,
der sit'er ein ørliten kumar kvar.
Naar vaaren kjem, or det litle fjom
det renn'er daa baade blad og blom.

Og djupt i mitt hjarta, um vonerne glatt,
der sat daa eit lite eiende att.
Det rann med dei fagraste blomar og blad.
I trui det heve sin rotfaste stad.


raun: rogn.
kumar: knop.
kvar: stille, i ro.
fjom: fnug.
eiende: spire.

 

 


Frå Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal . Lesebok fyr høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortensen. Bergen: Utgjevi av Mons Litleré 1893. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad