Futarspranget

(Dikt, 1869)

Av Henrik Krohn
 
I Sygnafylket i Havslo-Gjeldet
kjem digraste Elvi av snjotakte Fjellet.
Fraa Jostedalsbriden ho fossande fer,
og Skumdrivet høgt imot Bergsidom slær;
so kipen og vill ho seg skundar,
til Fjorden med Ofse ho stundar.
 
 
I Fossar ho bykser og skriker av Gaman,
og ein Stad, der Breiddarne draga seg saman,
ho tvingar seg gjenom det trongaste Glup
og velter seg ut yver høgaste Stup;
den Fossen dei "Helvitet" nemna.
Mot Djuvet han hugram mun stemna.
 
 
Og paa denne Staden, so Folki fortelja,
ein Gong ein Stakar laut Livet sitt selja,
ein Danafut, ja den argaste Skarv,
som traatt nøytte paa under Dankongens Slarv;
til sjølvraadne Skattar han trugad',
med Hardtjorn han Aalmugen kugad.
 
 
Daa Folki til Kongen ein Ærendsvein senda,
men ærendalaus han atter laut venda.
I Kongsgards-Tunet tri Dagar han stod,
men sidstpaa daa sagde han trøytt og mod:
"Eg lyt meg no til heimatter vinna,
her er ingi Hjelp til at finna."
 
 
Daa stemnde til Møtes han Hillestad-Tore
dei Menner fraa Bygdi, og tok so til Orde:
"No heimatt er komen vaar Sendemann,
og Konungen vil inkje verja sitt Land.
Utan Log, utan Rett maa me vera,
eg Oket ei lenger vil bera!"
 
 
Han slo seg i Loven og starade kringum.
Likt tenkte og dei, som stodo i Ringom.
"Aat "Helvitet" ned med Dankongens Fut!"
so ropad' kvar Mann, so svarad' kvar Gut.
Og Øksar mot Spjotom dei flogo;
i Fylking aat Futen dei drogo.
 
 
Inn glytte han Haakon, Tenesteguten:
"Sjaa her kjem ein ofsaleg Her etter Futen!"
"Hvad siger du Hagen, min kjæreste Ven,
ak hjelp mig, hvor tror du jeg nu bør fly hen?"
"D'er best at aat Fjorden du freistar,
men daa lyt du fjuka som Gneistar."
 
 
Og Futen paa Flog yver Stok, yver Steinar,
og Bønder paa Jag yver Haug, yver Leinar.
Paa Stupet han stadnar ved fossande Elv,
han skodar ikring seg, av Rædsla han skjelv.
Fram Tore med Heren sin hastar,
villt nedunder Elvi seg kastar.
 
 
Dei nærma seg fljott og isaman seg draga.
Han ser det, at honom dei ut vilja jaga.
Med starande Augo og sprikjande Haar
han fester si Syn paa ei ørliti Skor
paa andre Sida aat Glupet,
men langt, hardla langt ifraa Stupet.
 
 
Sjaa Futen i Vonløysa stend i slik Kvida,
han ser ingi Raad, han vaagar ei bida,
han lagar seg til, eit Tilsprang han tek,
i Elvi han fell, med Straumen han rek,
aat Helvitesfoss han mun siga;
men Tore og Bønderne tiga.
 
 
Den hugsprengde Stakar i Fjellveggen triver,
men hjartalaus Elv atter laus honom river.
Høyr øgjeleg Kvin! - Gjenom Glupet han foor,
og Helviteshøl vardt hans Likkista stor.
Paa "Futarspranget" stod Tore
og grundade paa kvat han gjorde.
 
 

Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad