Ferdasong

(Dikt, 1885)

 

Av Henrik Krohn

 

Naar som skuggarne falla i dalar,
best det høver aa taka paa ferd,
for naar kveldkjølen panna di svalar,
myket fljotare foten deg ber.

 

Og naar fuglarne kveldvisa syngja,
og i takt til ditt fotslag dei slaa,
daa di skreppa deg mindre vil tyngja,
fram til kvilet du lettar' vil naa.

 

Naar or dalamid skuggarne stiger,
og nar skardljoset lyser i lid,
medan soli bak fjellbruni siger,
ja daa er det den fagraste tid.

 

Kvar den liten paa aasar og heider
er so væn, naar det lider mot kveld,
moen fint yver fjelli seg breider,
og so skirblaatt er himmelens tjeld.

 

Og daa er det so godt upp aa bakken
aa faa liggja og kvila seg ut
med si skreppa til stød under nakken
og fyr augo den solgylte nut.

 


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad