Fedralandssong

(Dikt, 1869)

Av Henrik Krohn

Aa kjære mitt Land, med Elskhug eg fer
paa din Fjord, dine Fjell upp i Snjoen,
din lysande Strand, dine Holmar og Skjer,
din Skog upp i Lid og paa Moen.
Eg takkar min Skapar, som etlad meg her
min Barnaheim nede ved Sjoen.
 
 
Aa kjære mitt Folk, eg elskar og deg,
som bur under Fjell millom Steinar:
den varme Gjenta, som gjeng sine Steg
so bljugt millom sterke Sveinar,
og Kona, som stillvoren helde sin Veg
og trufaste Husbonde beinar.
 
 
Eg veit, at det finst dei rikare Land
med flatar' og feitare Strender;
men fagrare synest meg eigi Strand
med sine smaalaatne Grender,
som liggja so vænt millom sylvkvite band,
som Breden fraa Fjellet nedsender.
 
 
Eg veit, at det finst og dei Folkeslag,
som bragla med større Æra;
men eg tykjer best um det Hjartalag,
som Folket mitt eiget mun bera.
Eg tykjer baad' Gut og Gjenta er hag,
og meire so kunna dei læra.
 
 
Mitt Land! Ja paa det eg med Elskhug ser,
so vænt du i Augat mitt lyfter,
og kjæraste dette Folket meg er,
som du under Fjellet ditt hyser.
Eg takkar min Gud, yver Noreg eg be'r
at Fred og Velsigning han lyser.
 
 

Frå Lesebok i Landsmålet ved Olav Paulson. Bergen, Forlagt av Ed. B. Giertsen, 1869. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad