Eit haukareid

(Dikt, 1869)

Av Henrik Krohn

Langt fram i ein Dal millom skogklædde Lider
eg reikade eingong ved Sumartider.
Som Fiskar eg foor med den syngjande Elv,
som strøymer saa fljott fram med lauvfulle Kvelv
av Bjørki og Heggen og Ospi, som skjelv
av Fysna i Sumarvinden.

Ja ofta det endaa kjem meg i Minne,
daa fyrste Gongen eg reikad her inne.
Eg gjekk og bisnade fegen og fjaag,
eg tykte at aldri eg vænare saag
en skiftande Dalen, som framfyr meg laag
i skinande Sumarsbunad.

Med Elvi eg foor i dei svalande Gufter,
no yver ei Glenna og no gjenom Ruster.
Daa braadlegt eg kom ut or grønklædde Tjeld,
og der i ei fraudig og blømande Dæld
laag ørlitle Stova i smilande Sæld
inn under tvo hangende Bjørkjer.

Paa Taket voks Blomar paa grønaste Svorden,
og fredleg steig Røyken upp gjenom Ljoren.
Kring Stova laag rigande Aakrar, men smaa;
meir lokkande Bustad eg aldri fekk sjaa.
Men Haukareid det var Namnet uppaa
en [sic] fredlege Husmannsplassen.

Det kom som ein Lokk fraa det upplatne Glaset,
og eg lagde Reidskapen fraa meg i Graset.
Ein Gamling stod ute og kløyvde paa Ved;
eg helsad, han sende meg atter: "Guds Fred!
Gakk inn og sjaa du fær setja deg ned
og kvila i smaalaatne Stova."

Ja Stova var liti, som Gamlingen hyste,
men framifra Hygge av allting det lyste.
Med Eine var straadd' baade Stova og Skot,
og reinslegt det var i det ringaste Kot.
Paa Veggjom det ogso kritat med krot
paa vanlege gamle Maaten.

I Gruva hekk litle Gryta paa Elden,
og blenkjande Linet skein fram under Felden.
Ved Sengjar-Stokken sat Katten og mol,
men attved sat paa ein Grindarstol,
ei Kona og trødde sitt Rokkehjol
og hyllad til surrande Laaten.

I blaamalad Skaap det Blomar av heggen,
og rirskjefte Knivar i Rekkja paa Veggen.
Men burt paa ein liten Kraahjell eg saag,
at Bibel og Postil og Kingo det laag,
og Bunyans Pilegrimsfred var der og
i Lag med Saga hans Snorre.

Og Hjonet, som budde paa smaafengne Garden,
straks fagnade vinlegt den framande Karen.
Ho Mor heitte Anna, og Torarin han,
og inne hjaa deim den Freden eg fann,
som sæl kann gjera den laagaste Mann
i trongaste Husmannsstova.

Fraa denne Dagen so jamlegt eg maatte
paa nytt vitja Hjonet, som Rotstova aatte.
Naar Uro og Dagstrævet gjorde meg leid,
aat fredlege Stova paa Haukareid
eg lengtande lagde mi Gongeleid
fram etter den syngjande Elvi.


Frå Lesebok i Landsmaalet ved Olav Paulson, Bergen: Ed. B. Giertsen 1869. 
Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad