Ho mor fær Lofotfolket sitt heim

(Dikt, 1893)

Ho mor fær Lofotfolket sitt heim
lesgarb1.jpg
Av John Klæbo

Velkomen heim no, sonen min!
Aa nei, kor bart du er!
Det harde ver og nordanvind
hev teket paa den vesle kinn.
Du vintrens merke ber.

Ja uver var her, gong fyr gong,
so fjorden rauk som eim.
Naar baara braut, og stormen song,
var hugen tung og barmen trong,
og myrkt i hus og heim.

Og kjelden kom og gaasi med;
det leid til sumarmaal;
daa gjekk eg tidt paa bakken ned.
Fyrr du kom heim, der var ei fred
i denne stakkars saal.

Kvar baat, som kom, eg starad paa:
"d'er lauparseglet hans!"
Men alle peikad langt ifraa,
og tungt du veit det var aa sjaa,
at ingen la' til lands.

I otta stod eg upp i dag;
det bar den gamle veg.
Daa fekk eg sjaa eit storbaatlag
i far si stød med reipat drag;
og gild og glad vart eg.

Kor traust han ligg, din vakre baat
med grøne ripar paa! --
Kom, verm deg; aa, so kald og vaat.
Og nattvakt er du vel attaat.
Du noko varmt skal faa.


bart (av berja, slaa): "veirbarket".
saal: sjæl.
drag, her heiserb.
rip: bordkant.

 


Frå Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal. Lesebok fyr høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortensen. Bergen: Utgjevi av Mons Litleré 1893. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad