Innleiding til dei bibelske bøker for lærarskulen

(1921)

Av Henrik Kaarstad

Namn.

Dei bibelske bøker har tre hovudnamn: Bibelen, Skrifta, Det gamle og nye testamente.
    Bibelen tyder boka. Ordet kjem av biblia (bøkene), som frå det fjorde hundradåret vart brukt um dei heilage skrifter. "Boka" høver sers godt, då ho står so langt over alle andre bøker at ho med rette er kalla "den einaste boka". 

    Skrifta, "skriftene", "heilage skrifter" er det namn Kristus og apostlane nytta um Israels heilage bøker. Seinare har dei kristne brukt same namn både um det gamle og det nye testamente.

    Guds openberring for Israel vert kalla "den gamle pakt". Pakt eller semje heitte i latinsk bibelumsetjing testamentum. Når so Israels bøker vart kalla "Det gamle testamente", fekk bøkene um den nye pakt namnet "Det nye testamente".

Det gamle testamente.

I vår bibel har denne del 39 bøker. Ein samlar desse i tre slag: historiske, poetiske og profetiske. Andre bruker 4-deling: Lova eller dei 5 mosebøker, dei historiske bøker, dei poetiske, dei profetiske bøker. 

    I den hebraiske bibel hadde dei 3-deling: 1. Lova (Tora). - 2. Profetane (Nebiim) som fall i dei eldre profetar: Josva, domarane, Samuels- og kongebøkene; dei yngre profetar: Esaias, Jeremias, Esekiel og dei 12 små profetar. 3. Skriftene (Kethubim): Salmane, Ordtøka, Job, Høgsongen, Rut, Klagesongen, Preikaren, Ester, Daniel, Esras og Nehemias, Krønikebøkene.
    Når det i d. n. t. heiter "Moses og profetane" so er det namn på det g. t. skrifter. "Moselov, profetane og salmane" (Luk. 24, 44) er d. g. t.s tredeling.

    Bøkene var med få undantak skrevne på hebraisk mål, som var talemålet i Kana'an. Israel lærde det av kananitane. Det var nærskyld dei andre semitiske mål. Etter fangenskapet vart talemålet aramæisk. Aram er namn på Syria (1. Mos. 25, 20), og aramæisk var talemålet i Syria og Babylon. Jesus og apostlane brukte aramæisk.

Lova eller dei 5 mosebøker.

Desse bøker er dei fyrste i bibelen. Dei ber namn etter den store lovgjevaren i Israel, Moses. Namnet skal ikkje segje oss at han personleg har skreve desse bøkene slik som dei no er. Dei er sikkert yngre enn Mose tid i den form dei no har. Men bibelen sjølv vitnar at Moses skreiv eller let skrive. Han hadde kunnskap til det, for han var upplærd i Ægyptaland. Mange av dei hendingar som er fortalde frå ferda i Øydemarka er som dagboksmerknader og kann soleis vere frå den tid eller tett etter. 

    Jødane kalla bøkene med eitt sams namn Tora, d. e. lova. 5-talet har sin grunn i at bøkene var skrevne på 5 papyrususrullar og vart gøymde i stemnestovene. Difor vart dei kalla iemrulleboka (rentateuken).

    Kvar av bøkene har sitt sereigne namn. Den fyrste heiter genesis (upphavsboka), den andre exodus (utferdsboka), den tredje levitikus (presteboka), den fjorde numeri (teljinga), den femte deuteronomium (den nye lova).

Upphavsboka (genesis).

Alle 5 mosebøker er tilsaman eit heilt verk. Det ligg i det gamle namnet Tora. Av dei 5 bøker er den andre hovudstykket, då ho fortel um korleis Gud gjorde pakt med Israels folk både i Ægyptaland og på Sinai. Den 1. boka står som innleiding til dei andre. Ho fortel um dei store hendingar i mannaætta, som gjerer det naudsynleg for Gud å velje seg ut eit einskild folk og so slutte pakt med dette utvalde folket. Denne boka fell so att i tvo luter. Kap. 1-11 er fyrste luten og vert kalla gamlesoga eller ursoga. Kap. 12-50 er den andre og vert kalla patriarksoga.

     Gamlesoga eller soga um gamletida fortel um korleis alt er vorte til, um dei fyrste menneske, um korleis det vonde kom inn i verda og seinare voks og utvikla seg, til det vart so svært at Gud gjenom ein sers straffedom laut tukte ætta. So fortel ho um ættene etter storfloda, korleis dei auka, og at det vonde diverre fylgde dei. Difor laut Gud tilslutt kåra seg ut ei einskild ætt (Abrahams) og eit serskilt folk (Israel). Um denne utkåring fortel patriarksoga. 

    Ser me nærmare på dei ymse forteljingar i gamlesoga, vert me snart var at forfattaren fortel ikkje alt som kunde segjast, men han legg grunnen for den seinare heilage soga gjenom nokre få storlagde forteljingar, som er å likne med veldige grunnsteinar under ein stor bygning. Desse forteljingar skal svare på nokre av dei djupaste og mest vande spursmål i mannalivet. I røynda har alle folk ned gjenom tidene stræva med desse spursmål og skulde finne løysing på dei.
    Det fyrste er: "Korleis har alt vorte til?" Upphavsboka svarer: "Gud er upphavet til alt". Han har skapt alt ved sitt ord. Svaret finn me i 1. og 2. kapitel. Måten Gud har gjort det på, lyt menneske finne fram til gjenom å studere skaparverket.

    Det andre store spursmaal er: "Kvar er menneske frå, og kva sermerker det framum alle andre skapningar?" Bibelen svarar: Det er skapt i Guds bilete; det er kruna på skapninga, og det er sett til å vere herre over jorda. Det har si kulturuppgåve og si religiøse uppgåve. Den siste er å gjeva seg til Gud. So kjem det myrke, tunge spursmaal: "Korleis er det vonde kome inn i verda?" Bibelen svarer: Alt det Gud har skapt er ovleg godt; men synda er komi inn gjenom freisting og fall.

    Dei ymse steg i fallet finn ein klårt i forteljinga i 3. kap. Me nemner: 1. Mistru til Gud. ("Har Gud verkeleg sagt ...".) 2. Vantru ("ikkje tru". - "De skal ikkje døy"). Dei trur lygna. 3. Ovmod. ("De skal verte lik Gud.") 4. Vond hug. ("Dei såg at treet var godt.") 5. Sjølve ulydnaden. ("Dei tok.") Desse steg kjenner ein att i syndefalla i mannalivet, og det gjev denne forteljing so stort eit verd.

    Men i same forteljing møter me ei sterk åndsmakt frå Gud, nemleg nåden.Synda eller det vonde er ei røynleg åndsmakt frå myrkheims fyrste;nåden eller frelsa er frå Gud og skal berga menneskja frå det vonde.

    Frå denne forteljing og heilt ut samlar bibelen seg um desse tvo store emne:Synd ognåde, fall og uppreising, sjukdom og lækjedom frå sjukdomen. Det fyrste store nådeord er lovnaden um kvinnesæden.

    I forteljinga um Kain og Abel får me sjå korleis det vonde veks, og synda har alt nått dei grovaste former (brodermord). So fortel bibelen um fylgjene av synda, nemleg døden. Det finn me i kap. 5, som er kalla "dødskapitlet". Kvar mans soga slutter med dei ord: "Og han døde".
     Storfloda er den veldige tukt for synda over ættene. Men ætta har ervesynd, og det vert ikkje betre. Det heiter: Mannahjarta emner berre på vondt alt frå ungdomen. 8, 21. Difor er det Gud kårer seg sitt eige utvalde folk, som han serleg vil uppsede. Det er merkeleg at storfloda har late etter seg so sterke minne at me finn segner um henne millom mange folk. Ho skal i bibelen stå som ei åtvaring for folk at Guds straff over ættene for synda kjem sikkert; men straffa har alltid eit uppsedande fyremål. Difor ogso nådeordet med paktsteiknet til Noa og ætta.
    I forteljinga um Noa finn me eit utsagn av han med profetisk innhald. Det gjeld sønene. 1. Mos. 9, 25-27. Serleg merker me oss orda: "Lova vere Herren, Sems Gud!" Det tyder på ei serleg velsigning for han. Det er teke som Messias-lovnad. At Jafet skal få bu i Sems telt, er uttrykk for at han skal få lut i velsigninga.

    I forteljinga um Babels-tårnet gjev bibelen si forklaring av det spursmål: "Kva skal dei mange tungemål innan mannaætta vere gode for?" Svaret er: "Det skal stengje for skiping av veldige heimsrike, der det vonde ofte vil verte sterkare enn det gode." Um slike rike vert skipa, so står dei etter måten ei stutt tid. Nasjonalitetane sprengjer dei. Dei mange nasjonar eller folk, som mannaætta er delt i, er soleis i røynda eit gode. Dei ymse folk får take upp sine seruppgåver. Og me ser ofte at dei mindre nasjonar kann bere fram dei beste verk. T. d. grekarane i kulturen og jødefolket i det religiøse.

[---]