Helsing til ein Diktar-Bror

(Dikt, 1921)

Av Edvard Alme

[Omsetjing etter Robert Burns]

Naar Snjoen ned fraa Fjelli fyk
og kring um Nov og Veggjer ryk
og stengjer Utedyrr,
til Tidartrøyt eg set meg ned
og diktar Vers og Visor kved
paa Heimemaal som fyrr.
       Naar iskald Vind fraa kvar ei Kraa
       kvin gjenom Romet armt,
       eg tenkja lyt paa Storfolk daa,
       som ha' det godt og varmt;
       eg ynskjer ei, ovundar ei
       Ovnøgdi høg og svær,
       men styggjest fraa, og harmast paa
       det Ovmod tidt ein ser.

Den Mann skal ingen undrast paa
som hugsaar vert, naar han fær sjaa,
kor ulikt mangt er stellt:
dei beste ha' det ofta smaatt,
med' Narret skryt av sine Slott
og seg i Rikdom velt.
       Men Guten min, det hev 'kje Naud,
       um liti Raad me ha';
       me greida nog til daglegt Braud,
       naar me er frisk og glad'.
       Du syrgjer ei, og ottast ei
       den Dag du ikkje ser;
       det sidste, og det verste òg,
       er einast Biddarferd.

I opne Skur aa krjupa inn
med Blodet tunnt og Kroppen stinn,
er Lagnad helder laag!
Men endaa kann me vera glad',
og stundom jamvel Kjensla ha'
av Heppa sann og fjaag!
       Ein ærleg Hug, ein trufast Kar,
       som aldri Svik i Tanken bar, -
       um Lagnaden er so held so -
       han eig daa Smilen god!
       Og merk deg, at so dyr ein Skatt,
       slik Hugnad er 'kje minst;
       ja, likare og rikare
       paa Jordi ikkje finst.

Som Fuglen i den frie Luft
me spyrja ei um Hus og Tuft,
men fara kvar me vil.
Natur! Di Bragd med Skog og Vang
og høge Berg og Fossesprang,
du høyrer alle til!
       Naar Symra syner seg ein Dag,
       og Maaltrost kved mot Sky,
       vaart Hjarta slær med varme Slag:
       no kjem det Sumar ny!
       Me finn oss glad' ein Kvilestad
       og sulla paa ein Lund,
       og dikta litt og rima fritt
       og syng um Fagnastund.

Um Stjernor du paa Bringa bar, -
um rik som Londons Bank du var, -
Fred ei du kaupa kann;
um meir du utav myket gjer, -
um stor i Kunst, um Lærd du er, -
det giv 'kje Lukka sann.
       Um Gleda ei sin Heimstad hev
       midt i din eigen Barm, -
       um du er vis, ell' rik, ell' gjæv, -
       du lika vel er arm.
       Av Glansen gild, av Leiken mild
       me Hugnad heil ei fær.
       D'er Hjartat fyrst og Hjartat sidst
       som rik ell' arm oss gjer.

Tru ei, at Folk som du og eg,
som berre trøyta bakkutt Veg
og alltid slita maa,
tru ei, me mindre heppne er
en dei som alt til Giving fær
og snaudt paa oss vil sjaa.
       Med Trælking hard og Udygd vill
       dei ofta fara fram, -
       dei haatta ei, at Gud er til,
       og sulka seg i Skam.
       Dei vyrda ei og bry seg ei
       um Himmel eller Hel!
       Um kloke Raad deim kunde naa,
       so var dei lika sæl!

Di lat oss vera glad' og gild'
og ei vaar Gleda teppa til
med Ank mot Lagnad god!
Um Motfall og oss møta kann, -
eg, som sit her, hev møtt ein Grand,
er takksam fyr det no.
       Til Ungdoms Aar dei giva Røynd;
       oss sjølv me kjenna faa;
       den nakne Sanning, som var løynd,
       i Dagen fær me sjaa.
       Um Motgang tidt og Tap paa Tap
       er Skule hardla strid, -
       den Lærdom der me sanka fær,
       ei annan Stad det bid.

Og høyr meg, Davie, gilde Gut -
eg utan Smeik fritt syng det ut:
den beste Ven du er!
Den Frygd me eiga, du og eg,
kann ingen Rikmann kaupa seg,
kor høgt eit Bod han gjer.
       Av Elsk og Kjærleik Barmen full
       til Make og til Ven!
       Du hev di Ann', ditt Hjartegull,
       og eg mi eigi Jean!
       Naar bert eg nemner hennar Namn,
       av Lukka vert eg heit.
       Eg vert so sæl, eg vert so rik
       som ikkje nokon veit.

Aa, Du som alt og alle ser,
Du som Allkjærleik sjølve er,
Du veit, at eg er sann!
Den friske Blodstraum Du meg gav,
den Saal som liver yver Grav,
eg meir ei elska kann!
       Naar myrke Harm og Hugverk saar
       legg Tyngsla paa mitt Brjost,
       til henne, henne Tanken traar,
       daa vert det lett og ljost.
       Du Allheims Magt, som var og er,
       mi Bøn du høyra maa,
       tak henne i di Varetekt,
       vondt henne aldri naa!

De dyre Kjenslor, heil og sæl!
Du Venskaps Taara, Elskhugs Eld, 
du Samhug djup og mild!
Um dykk eg ikkje hadde aatt,
eg longo hadde Enden naatt
paa Ferdi rang og ill.
       Eg heppen var den Gong eg fann
       den trugne Ven du er;
       og endaa meir daa Soli rann,
       daa Jean mi fekk meg kjær.
       Det liver og det lyser upp
       paa myrk og ubein Veg
       aa helsa blidt og helsa tidt
       paa Jean mi og paa deg.


Frå Norsk Aarbok 1921. Utgjevi ved Torleiv Hannaas. Bergen 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad