Serenade

(Dikt, 1867)

Av Kristofer Janson

Benita! Benita! aa skunda deg no,
sjaa Soli alt gladar og gjenger til Ro,
no skulo me fara til blenkjande Fjord
og femnast og gløyma baad' Himmel og Jord.

Og Vinden skal smjuga, so kjælen og varm,
skal strjuka kring Kinni og svala din Barm,
og Bylgja skal svala so mjuk og so linn,
skal svæva og lulla i Draumar deg inn.

Benita! Benita! aa skunda deg no,
sjaa Soli alt gladar og gjenger til Ro,
ho elskhugsheit Skyer i Fanget sitt dreg,
men heitare lengtar mi Saal etter deg.


Frå Norske Dikt av Christopher Janson. Bjørgvin. Forlagt av Ed. B. Giertsen. 1867. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad