Millom Rosor

(Dikt, 1867)

Av Kristofer Janson

I Hagen sat Mod'ri med Barnet paa Fang,
            millom Rosor,
ho log, og ho hyfste dat Dagen so lang
            millom Rosor,
ho kysste paa Auga, ho kysste paa Kinn,
"Gud gjeve eg alltid saag Kvilstaden din
            millom Rosor."

Og Hagen vardt bladlaus, han døydde kvar Leik
            millom Rosor,
i Stova laag Guten so kald og so bleik,
            millom Rosor,
og Mod'ri batt graatfull kring Kista ein Krans,
no skulde ho alltid sjaa Kvilstaden hans
            millom Rosor.


Frå Norske Dikt av Christopher Janson. Bjørgvin. Forlagt av Ed. B. Giertsen. 1867. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad