Jolakvæde

(Dikt, 1867)

Av Kristofer Janson

No Englen kjem med Jolabod,
syng ut! syng ut med Helgarljod!

No kann ein fulla lova fjaag *)
dan vesle, som i Krubba laag.

Han liten var, men do so stor,
han spanad' yver Hav og Jord.

Laag var han, sveipt i Filloskrud,
var do i Him'len eit med Gud.  

Mjo var han, berr' ein liten Kind,
var do dan dyre Freelsar min.

Ja sterk han var, han burt seg gav
og sprengde Lekkja, sprengde Grav.

Han Djevlen batt, han Siger vann,
og stod so dar som Frelsarmann.

Fyrr Hjartat var som Moldi svart,
no er dat tveget, reint og bjart.

Fyrr kjøvdest eg, av Syndi takt,
no er eg som fraa Daude vakt.

Fyrr radt til Helvit' for eg ner,
no radt til Himmelen eg fer.

Kom difyr', ver ei traa og sein,
kom no til Kyrkja kvar og ein!

Kom du, som spring dar utan Stav,
kom du, som ragjer mot di Grav.

Her er han med sitt dyra Ord,
sitt Skirselvatn og Nottverdbord.

Høyr dat, han byd og altid baud,
at lækja all di Syndanaud.

Kom, syngje no, med Tunga glødd:
"oss er idag ein Frelsar fødd!"

Takk Herre! Takk fyr' Jolabod,
no syngja me med Helgarljod.

*) fegen, glad.  

 


Frå Norske Dikt av Christopher Janson. Bjørgvin. Forlagt av Ed. B. Giertsen. 1867. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad