Island vert bygt

(Dikt, 1906)

Av Kristofer Janson
 
Harmfulle segl paa havet duvar,
skodda og driv framfor stamnen ruvar,
- «upp paa dekket no kvar ein mann!»
Vest-ut høyrer ein brimbròt dynja,
solsteikte menner med skjold og brynja
stirer med lengting eller land.
 
 
Rivnar daa skodda, og beint for auga
tind etter tind seg i soli laugar,
ørnedjerve, med snøglans paa;
grønklædde vidder i kveldsol smiler,
logne dei innunder jøklarne kviler,
borne paa kneet aat kjempa graa.
 
 
«Her er landet!» mennerne ropar;
«lat Harald Luve no berre sopa
hovdinge-ætter fraa land og øy;
lat han med trælarne sine renna,
her skal jøklarne honom brenna,
her kann me frie liva og døy!»
 
 
Bygde dei daa si ætt og si æra,
Norig so som det skulde vera,
varde det gamle med odd og kniv,
skapte ei sòga som enn kann føda
stordaad hjaa guten, der lengslor gløda,
skapte Island eit evigt liv.
 
 
Ordforklaringar:
Ruva: skrøyva, taka stort rom.
Luva var tilnamnet til Harald Haarfagre daa han gjekk med langt, uklipt haar.
Varde, av verja: verna
 
 

Frå Læsestykker paa landsmaal ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Kristiania: Jacob Dybwads Forlag 1906. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad