Fiskaren aat Sonen sin I

(Dikt, 1865)

Av Chr. Janson

Naar Stormen ryker upp fraa Nord,
og Havet dat gjeng kvitt,
so strika, Gut, paa Seglet daa
og haldt paa Styret ditt;
slepp inkje Taket, um dat gjeng
paa harda Livet laus,
verd Baaten full, so bitt dat fast
og berre teg og aus.

Og er du inkje god at sjaa
fyr berre Skum og Skvett,
so byrja paa ein Salme daa
og ro, so Blodet sprett;
men spring eit Bord, og Sjoen velt
innpaa deg, blaa og kald,
so böyg deg yver Tofta ned
og gjev deg Gud i Vald.
 
 

Frå Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. No. 1. Laugardagen dan 14de Oktober 1865. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad