Barnetrui

(Dikt, 1906)

Av Kristofer Janson
 
 
Barnet høyrer som i ein draum
um himmelens høge salar,
sigler daa burt paa tankestraum,
og trur det med Jesus talar.
 
 
Barnet leikar i sprang og dans
med blomar og rosor fine,
trur at soli er augo hans,
som stendigt vil paa det skine.
 
 
So det kveldast, og barnet bed
fadervaaret sitt lenge,
trur at bøni kann draga ned
englevakti kring sengi.
 
 
Barnetrui ho er vel sterk,
kliv upp paa høgste tinden,
lyfter lærdom og mannaverk
og hiv det lik sand for vinden.
 
 
Barnetrui ho er vel greid,
tarv inkje knìp eller krokar;
verdi, stakar, ho sìt so breid,
men vert ikkje endaa klokar'!
 
 
Verdi leitar med ljos og lykt
lyklen aat alt aa finna,
barnetrui ho sìt so trygt,
løysingi hev ho inne.
 
 
Verdi freistar um fram ho rekk,
endaa ho stødt maa snaava.
Trui eine i daapen fekk
himmelstìgen til gaava.
 
 

Frå Læsestykker paa landsmaal ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Tillæg til Nordahl Rolfsens læsebog for folkeskolen, 2den, 3dje og 4de del. Kristiania: Jacob Dybwads Forlag 1906. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad