Bön i Naud

(Dikt, 1866)

Av Chr. Janson
 
Aa Herre Jesus! i din Famn
dar er so godt at kvila,
her er so myrkt, eg ser 'kje Hamn,
men eg paa deg vil stila;
dan saare Foten snaudt meg ber, -
du vil meg taka, kor som er,
aa Herre Jesus! i din Famn
dar er so godt at Kvila.
 
Mi Not er sprengd, mitt Hus er selt,
paa deg eg do vil lita,
eg balar hardt, men alt dat velt,
daakann eg endaa slita,
vel er eg bleik og sjuk av Naud,
og Borni skrika etter Braud,
mi Not er sprengd, Mitt Hus er selt,
paa deg eg do vil lita.
 
Du hever sagt dat i ditt Ord,
at du vil aldri svikja
at Naud og Trong er Dyri stor
radt inn til Himmerike,
so vil eg beda glad, og tru
du bert til Himlen byggjer bru,
for du hev' sagt dat i ditt Ord,
at du vil aldri svikja.
 
So tak megt dyre Frelsarmann
og lat meg inkje glöyma,
at, fyrr du yver Djevlen vann,
ditt rauda Blod laut ströyma;
Naar daa eg lid, eg fast vil tru,
eg er paa same Veg som du,
ja tak meg milde Frelsarmann,
du vil meg aldri glöyma.