Til Island

(Dikt, 1901)

Av Olav Jakobsson Høyem

Du islendske folk på di eldfulle øy,
deg helsar með hugnað heile norðen,
I tusen år høyrde du Norðhavsens søy
og skak og bråk og bulder som ein tordøn! 

Om helg-kvite, von-grøne øya di skalv,
om eldmørja kvarv og valt or jorðen,
sat lel du heilt logn, naut din federne arv,
den frægaste som folk enn fekk i norðen.

Eit hjarte vi ber, kvar si helvt du og vi,
ein federne ånd og same tunga.
Kom, sjå, kom og høyr, del vårt liv og vår strið;
snart seiergleða norðen ut skal sjunga!
 
 

Frå Lesebok for høgre skular. Utvalde lesestykke i bygdemaal og landsmaal ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Tridje upplag. Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag 1901. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad