Steingjerde

(Dikt, 1979, utdrag)

(steingjerde)
 
det var steingjerda
som batt verden
saman
 
strake band frå elva
til fjellet
varme å sitje på
i sommarkvelden
 
steinane kila inn
mot kvarandre
med uendeleg tolmod:
tid og nevar
 
slåtteteigane tett inn til gjerdet
fullmogne og klare for ljåen
tykk eng mot stein:
slik fekk vi først sjå at det er mogeleg
å forandre verden

 

dei gamle slo kvart einaste strå
og raka vel etter seg
 
etterpå kvilte dei
studde seg mot steinen
som ryggen til ein gamal ven
 
ennå er dei der
over steinlinjene i landskapet
hender
usynlege i lufta
som vengeslag
om du vågar nærme deg
 
dette er slitets steinar
dette er historiens skrift
 

Frå Paal-Helge Haugen: Steingjerde. Det Norske Samlaget 1979. Side 13-14.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.