Gs bok

(Dikt, 2008, utdrag)

 
Daa fanst det endaa ikkje ei grøn buska paa jordi,
og endaa hadde ikkje eit grasstraa runne.

                                                        1MOS 2.5

 
Morgonen nedskriven
i blått og gull
 
Timen før lydane
Skogen pustar
 
Elver av oksygen
Nådens kjemi
 
Ingen ny verden
Denne
 
Den pustande skogen
Det vaiande graset
Det fullmogne kornet
med englar
 
 

Frå Paal-Helge Haugen: Gs bok. Cappelen 2008. Side 6-7.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.