Langt ut i vester

(Dikt, 1898)

Av Torleiv Hannaas

Og langt ut i vester, der havet rullar inn,
der stod det ei gjenta med taaror uppaa kinn.

Og langt ut i vester, der havet rullar ut,
der stod det ei gjenta og ventade sin gut.

«Naar dagen han vaknar, og soli ryd paa tind,
daa sigler han heim i den morgonfriske vind.»

Men morgonen lyste og rodade kvar tind,
- ho saag ikkje nokot til festarmannen sin.

«Naar dagen er liden, og notti feller paa,
daa sigler han heim yver bylgjorna dei blaa.»

Og dagarne gingo, og aari gingo med,
daa bleiknade gjenta og bøygde sine kne.

«Aa herre i høgdi, du unne honom liv
og fylgje, kvar helst han i vide verdi sviv!

Aa herre i høgdi, du unne honom liv
og fylgje, kvar helst han paa ville havet driv!»

Men haavbaara gjeng millom kalde nakne skjer
og bodi so tunge til unge gjenta ber;

«Her heve du ventat i aar og i fjor,
men guten han siglde til Naastrondi nord.

Her heve du ventat i fjor og i aar,
men guten han siglde til Naastrond i gaar.»
 
 
 

Frå Syn og Segn. Norsk Tidsskrift. Utgjeve av Det Norske Samlage. Fjorde aargangen. Kristiania 1898. Side 327-328. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad