Høgnorsk eller flatnorsk

(Artikkel, 1922)

Av Torleiv Hannaas

Ivar Aasen var ein spak og stillfarande mann. Men i maalspursmaalet var han ein raud radikalar.
    Det hadde vore maalstrævarar fyre honom. T. d. Wergeland. Men han endaatil dreiv det ikkje stort lenger enn til dette smaapuslet med aa ”berige skriftsproget.”
    So kom Ivar Aasen og lyfte sitt lysande merke: Eit høgnorskt skriftmaal, nyreist fraa roti av, bygt paa dei beste bygdemaali, utan umsyn til dansken. 
    Denne djerve tanken byrta han fyrste gong klaart for aalmenta i Langes ”Norsk Tidsskrift” i 1852. Der skriv han m. a.: 
    ”Forholdet imellem de to Sprog er forøvrigt af en saa uheldig Beskaffenhed, at den eneste sikre Udvei for os vilde være at anlægge en aldeles norsk Sprogform, saaledes at Formbygningen dannedes efter en eller flere af de bedste Dialekter, og Sprogstoffet dannedes ved det almindelige norske Ordforraad, med stadigt Hensyn til det gamle Sprog. Kun ved en saadan radikal Reform vilde Sprogets Nationalitet atter kunne sættes paafode; idetmindste er jeg ikke istand til at see nogen tilstrækkelig Hjælp i noget andet. Da havde vi noget, som det var Umagen værdt at arbeide paa, og da kunde vi have den Trøst, at Folket vilde have godt af vort Arbeide.”
    Dette radikale programmet skaut reint skjelk uti bringa paa heime-danskane vaare. ”Hvo skildrer min Rædsel!” ropar ein ende yver seg i ”Den norske Tilskuer” (1852, nr. 42).
    Og enno den dag i dag gjeng norsk-danskane med rædsla i bringa. Dei kann nok roa seg til for stutte stunder og laasta som det er fred og ingen faare. Ja, det hender jamvel at dei fær seg ein liten blund, til denne sullen som ”har sunget for vuggen hos sønderjyder.” Men ikkje fyrr hev dei bore i, so vaknar dei att av vaapengnyet, spring upp, triv sine blaute sverd, og skrik i ørvæna: ”Maalmændene er over oss! De lægger snart hele landet under sig!”
    Og det kann fulla vera grunn til aa ottast. Maalreisingi hev gjenge fraa siger til siger under merket hans Ivar Aasen. Bondeheren er komen paa lòs, og lét seg ikkje stagga att.
    Men nett som me er i beste framgangen, ser me eit syrgjelegt syn: Den bringe-skjelken som motmennene vaare hev gjenge med so lenge, den hev no slege yver i vaare eigne rekkjor. Mang ein maalmann hev òg teke støkken og vorte rædd det radikale landsmaalet. ”Kjære vene, lat oss ikkje braaka med for reinhekla norsk! Me kunde skræma den snilde austlendingen. Lat oss heller gjeva kaup og slaa av!”
    Og no er avslaget og moderatismen og samrøringi i full gang.
    Dei moderate maalmennene talar mjuke og tøygjelege ord, som det seg høver eit samlingsparti. Dei vil sagta hava norsk, dei òg. Tenk ikkje det! Men det er mange slag norsk, veit me. Og dei hev daa lagt sin elsk paa flatlands-maalet, flatnorsken, - den norsken som ligg dansk nærast, og som er mest uppblanda med dansk. Eller som dei sjølve segjer: ”samnorsk,” ”den norsken som dei fleste talar.” For dei moderate byggjer maalstrævet sitt mykje paa statistikk og næringsuppgaavor. I byane og paa flatbygdene i Viki bur det meir folk enn i fjordane og fjellbygdene. I byane og paa flatbygdene sit rikdomen, handelen og ”næringslivets mænd.” Og sjølvsagt skal dei hava fyrsteretten og førarskapen i maalspursmaalet òg. 
    Det var ikkje soleis han dømde Ivar Aasen.
    Han var skamdjerv nok til aa gjeva dei fatige fjell- og fjordmaali fyrsteretten. Dei var nærast i ætt - ikkje med dansk, men med det gamle norske kulturmaalet. Dei hadde halde uppe mest av gamall rikdom, og vunne seg mest av ny venleik. Difor heldt Aasen desse maali for dei beste og dei mest ekte. Dei var det som kunde gjeva mest tilfang fil det nynorske kulturmaalet, til høgnorsken.
    Kann det vera tvil um kven som hev rett: den radikale Ivar Aasen eller dei moderate samrøringsmennene? 
    Kann det vera spursmaal um kva som er det rikaste, det venaste, det mest kultur-føre: høgnorsk eller flatnorsk?
    Det er ei røynsle dei hev gjort mange stader, at fjellbygdene avlar betre maal enn flatbygdene. ”Høglandsmaali vinn alltid paa laaglandsmaali; og dei fortener aa gjera det,” sagde Jacob Grimm. Og det var ein mann som skulde skyna seg ein grand paa maalspursmaal.
    Maalet er ei ovring av aand og vit. Og i aandslivet spyrst det ikkje etter makt og rikdom; og ikkje etter folketal heller. Er tele-maalet betre enn vikværings-maalet, so er det betre, um det so er hundrad vikværingar mot kvar ein tele, og um vikværingane er aldri so rike og telebøndene aldri so fatige.
    Og tele-maalet er betre.
    Telebonden hev vyrsla den norrøne arven med varmare umhug og større kunst enn vikværingen. Det nyttar ikkje aa dylja det.
    Ja, lat so vera, segjer dei. Men den store maal-rikdomen hev ikkje noko verd i vaare dagar. Det er berre ein ovbunad som mengdi ikkje kann bera. Maalet skal vera lett og einfeldt, ein hendig reidskap for tanken.
    Godt! svarar me. Alt maal som byggjer paa talemaalet er lett og greidt. Og di reinare det er, di klaarare. Det er blandingi som gjer det grugge og ugreidt, tungt og flokutt.
    So maa me òg hugsa paa at maalet ikkje berre skal vera eit kvardags-plagg. Me treng helge-klæde likso vel. Ja til høgtig [sic] kann det jamvel sama seg aa bera baade skrud og skarlak. Og eit kulturmaal maa vera so rikt paa fargar og tonar at dei største aander kann leika seg i det som fisk i vatn.
    Alle stader talar folk greidt og naturleg. Og det er mykje godt aa finna i alle norske maalføre, ogso paa flatbygdene og i byane. Men det er for øyro høyrt at dei ikkje alle stader hev havt same hug og givnad til aa dyrka maalet. Her stend telen og gudbrandsdølen og hardingen høgt yver vikværingen og bymannen.
    Me ser det same i andre greiner av aandslivet. Som no i folke-musikken. Det er mange fleire menneskje i landet som riksar paa dragspel enn dei som meistrar fela. Men kven er det vel som difor torer segja at dragspel-musikken fraa dei feite flatbygdene stend jamhøgt med fele-slattane fraa dei fatige fjellbygdene? Og kvar var det dei sanka seg mest tilfang, tone-skaldane vaare? Ein Ole Bull, eller ein Grieg? Jau, det var nettupp i fjordane og fjellbygdene.
    Og det er like eins i maalet som i musikken. Makt og rikdom og folketal hev lite aa segja. Me skal sjaa paa dei beste og ikkje paa dei fleste.
    Men her gjeng mang ein stakars krok av ein maalmann og er so livende rædd for aa syna seg i sundags-klæde. Kvar ei ringlande sylgje og kvar ein blenkjande knapp, - av med det! So lenge hev motmennene geipa etter desse ”rare ordi” at han ikkje vaagar seg fram med noko som kunde vera ”lite kjent”. Og so gjeng det meir og meir den vegen at han ikkje torer bruka anna enn ”samnorsk”, det vil segja norsk-dansk.
    Skal me halda fram paa den visi, so kann ikkje maalet anna enn armast ut.
    Det hev gjenge ei rid yver landet at folk vanvyrde sitt eige, det som var heimegjort og bygde-merkt. Dei kasta ut dei prydelege skaapi og fekk seg heim ”samnorske” - d. v. s. tyske - buffetar fraa byen. Dei lagde av den fargerike bygde-bunaden og klædde seg ”samnorsk”, d. v. s. fransk. Dei slengde ifraa seg sylgjor og ringar og sylvknappar, og all slag gamall bygdekunst. Alt skulde vera flatt og fargelaust, ”samnorskt”.
    Men no fer hugen so smaatt til aa venda. No leitar me fram att vaar gamle kunst, til bruk, og til emne for nyskaping paa heimleg grunn.
    I sumar vaaga norsk bondeungdom seg fram att paa Karl Johan i norske bygde-bunader. Og det løglege hende, at desse heime-klædde fjellbøndene, dei vart ikkje hædde og utlædde. Nei, tvert imot. Dei lagde hovudstaden i undring under sin fot.
    Og no kappast frugor og møyar um aa brikja med sjeldsynte sylgjor og ringar ovan or dei trengste avdalar. Dei gjævaste av folket skjemmest ikkje lenger av sitt eige. Dei tek heller til aa verta byrge naar dei kann finna noko i si bygd som er verdt aa syna fram, noko som aukar rikdomen i norsk folkekunst. 
    So skal det vera.
    Og soleis kjem det til ganga i maalvegen med. Likso traudt som me sel ifraa oss ein einaste sylvknapp meir, likso traude maa me vera med aa sleppa eit norskt ord ut or maalet. Lat vera at det er lite kjent. Lat heime-danskane geipa og læ aat det det so mykje dei vil. Er det eit ekte norskt ord, so hev det ein gong vorte skapt av norsk maalkjensle, for di det sagde noko som inkje anna ord kunde segja med same tanke-innhald eller same kjensle-daam. Og daa er det eit tap for maalet at det ordet døyr ut. Lat oss heller bruka det og gjera det kjent.
    Det er einast paa den maaten landsmaalet kann verta rikt, at nordlending og sørlending, austlending og vestlending kjem flytjande inn i det kvar med si heimanfylgje av norske ord og norsk maalføring.
    Onnorleis er det med formverket. Der lyt me alle finna oss i avslag. Skal kvar landslut krevja sine former, so er det ute med landsmaalet. Daa vert det upp i rot og røre alt saman.
    Men me bør ikkje slaa av den minste grand av umsyn til dansken. Her strævar me og skal syna verdi at norsk er eit maal for seg sjølv. Men daa maa me òg leggja vinn paa aa halda i hævd dei sernorske formene. Det er ei veikjing av stoda vaar aa klæda norske ord i ein slik bunad at ein maa leita seg til av samanhengen um det er norsk eller norsk-dansk ein hev fyre seg.
    Her um dagen saag eg eit brevkort. Attaat tilskrift og underskrift stod det berre desse ordi: ”Vi har faatt varene op idag”.
    Kann nokon segja kva slag maal det er? Ja, at det er god norsk-dansk, det er lett nok aa sjaa. Men brevskrivaren er maalmann, og eg hev ein mistanke um at han hev tenkt det skulde vera landsmaal.
    Hadde han skrive:”Me hev fenge varone upp i dag”, so hadde alle menneskje sét med ein gong at det var norsk og inkje anna.
    Men endaa viktugare enn baade ord og former er ordfellingi og stilen. Der syndar me mest.
    Eg tala ein gong med ein lærd utlending um norskt maal. Ein som kann landsmaalet, - kann henda den mann utanfor Noregs grensor som kann det best. Han let ille yver dei unge norske diktarane. Dei gav so fatigsleg ei avspegling av norskt maalbruk. Det var dansk stil, det aller meste han saag no um dagen av nynorske forteljingar og skildringar. Eg freista leggja imot. So gjekk han burt i hylla etter ei norsk bok, - ei som er mykje kjend og mykje uppskrøytt. So las han eit stykke. ”Kva er det no her som ein danske vilde sagt onnorleis?” spurde han. Nei, eg kunde ingen ting peika paa. ”Men veit De kvar eg hev funne den beste norske stilen? Jau, i ordboki til Ivar Aasen. Hermingane og dømi hans, det er ei gullgruve av norsk maalkunst”.
    I ordlag og maalføring hev norsken endelause rikdomar som enno er lite utnytta i landsmaalet. Det kann ein faa ein tokknad av naar ein les dei maalmeistrane som hev lagt øyra nærast inn til folkemaalet, som Johannes Skar, eller Seippel, eller Garborg, eller Tvedt.
    Og høyr paa dei gamle! Helst dei som lite hev lese. Dei hev enno att mykje av det sernorske laget aa maalbera seg paa. Og fær fyrst dei yngre øyra upp for denne talekunsti, so vil dei læra, dei med.
    Ungdomen er i det heile ikkje so faarleg i maalvegen som mange trur. Det er nok so at tjuge-aaringen ofte er grunn og slurvutt og mode-bunden i sitt maalbruk. Men er det nerk i honom, so røter han seg djupare etter kvart. Det er ikkje i snøggom gjort aa trengja til botnar i eit rikt folkemaal, endaa um ein er fødd i det.
    Alle folk i verdi maa læra sitt eige bokmaal. Og ikkje er me noko undantak soleis. Det er ei faafengd von sume gjeng med, at me skal kunna gjera landsmaalet so lett at det ”segjer seg sjølv” korleis ein skal skriva det. Dei meir ytre ting, som rettskriving og slikt, lærer ein best paa skulebenken. Men kjernen lyt ein sjølv bora seg inn til gjenom livsens lange skule. ”Her i dalen er det ingen som talar fullgodt fyrr han er fyrti aar”, sagde ein sætesdøl ein gong. Og det er noko i det.
    Ein vert aldri for gamall til aa læra. Og naar berre folk vil læra, so er det gode voner. Men aalvor maa det fil. Og radikal reisings-vilje.
    Me maalfolk tykkjer det er baade løglegt og syndlegt aa sjaa dei norsk-danske kor dei vrid og vrengjer og procederar og vil faa maalet sitt til aa vera ”norsk”. Denne aatferdi burde dei faa vera aaleine um. Er maalet so bleikt og blanda at det kann vera tvil um nationaliteten, so er det ikkje mykje verdt. Daa er det ikkje noko maal for oss.
    Men dei moderate maalmennene er langt inne paa same prutings-vegen. Dei driv og tingar og tingar og tøygjer norsken so langt imot dansk som det paa nokon maate let seg gjera, - og endaa eit godt stykke til.
    Det er ein faarleg veg dette. Nedgangs-vegen for norsk maalreising. Fær dei fyrst drege maalet vaart ned til flatnorsk, so er stiget stutt yver til halv-norsk, halv-dansk, norsk-dansk. Og dit er det vel dei vil, mange.
    Me reiser aldri noko kulturmaal med tinging og avslag, eller med aa bøygja inn i norsken fullt av danske avleggjarar. Nei, det nynorske kulturmaalet lyt me nok ala upp or vaar eigen grunn. Det maa vera eit radikalt, eit rot-ekte landsmaal.
    Ivar Aasen synte rette leidi. Han var baade granskar og kunstnar. Han kunde bygdemaali betre enn noko anna menneskje i landet. Og han hadde gløggare maalkjensle enn alle desse moderate maalmennene tilsaman. Det er vandt um noko folk hev havt so stor ein meister til aa grunnleggja skriftformi si. Honom kann me trygt fylgja. Ikkje so at me skal gjeva oss til aa blaahalda paa hans former. Men fylgja hans veg: Leggja dei beste bygdemaali til grunn for landsmaalet, utan aa bry oss um dansken.
    Det er skriftmaalet det her gjeld. Og daa tykkjer eg det kunde vera rett aa leggja noko større vekt paa den litterære traditionen enn Ivar Aasen gjorde. For me hev ein litterær tradition i nynorsken òg. Me hev folkevisone, stevi og sogone. Ei betre litterær upptemjing kunde ikkje noko maal ha fenge. Og at denne diktingi ikkje vart prenta, det hev lite eller inkje aa segja for sjølve maal-dyrkingi.
    Det er tele- og sæbyggje-maalet som helst hev bore den litterære traditionen. Det kunde daa vera eit spursmaal um ikkje dei burde koma noko meir fram i landsmaalet. Eg held soleis fyre at midlands-maalet var eit stig i rette leid. Men det treng ei meir praktisk utforming fyrr det vert fullt høvelegt til skulebruk. 
    Ivar Aasen lagde stor vekt paa skyldskapen millom gamalnorsk og nynorsk. Og med full rett. Gamalnorsken er ei styrkekjelde som me aldri kann ausa nok or. Ikkje det at me tenkjer aa reisa upp att det gamle maalet. Men alle vel-lærde nordmenn burde kunna det og lesa det. Det gamle ”daude” maalet er enno merkeleg friskt og livande. Det ligg vaart hjarta nær, og talar til den djupaste maalkjensla vaar.
    Og gamalnorsken skal vera det saare samvitet vaart. Naar me ser kor langt forfederne naadde, so vil me ikkje slaa oss til tols med noko flatnorskt blandingsmaal, men krevja eit nynorskt maal av same malm og klang som det gamle.
 
 

Frå Norsk Aarbok 1922 utgjevi av Torleiv Hannaas. Bergen: Norsk Aarbok 1922. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad