Lore-Ley

(Omsetjing, 1885)

Omsett av Marius Hægstad

 

(Henrik Heine) *)

 

Eg veit ikkje, kor det er voret,

at eg so sorgall er;

ei segn ifraa gamle tider

eg ikkje or hugen fær.

 

Lufti er sval, og det myrknar,

og stilt glid den rolege Rhin.

Men toppen paa fjellet gløder

i aftansoli sitt skin.

 

Den vænaste jomfru siter

deruppe so frisk som ein vaar.

Det glitrar i sylgja hennar.

Ho greider sitt gullfagre haar.

 

Med gullkamb greider ho haaret

og syng so ein song attaat;

den hev slik ein underleg tone,

slik blanding av gleda og graat.

 

Men mannen i baaten dernede

slik hugverk ved detta fær.

Han ansar ei skjeret framfyr seg,

han berre paa synet ser.

 

Eg trur, at baarorna gløypa **)

tilslutt baade baat og kar.

Og Lore-Ley med si syngjing,

ho skuldi i detta var.

 

*) tysk diktar, fødd 1799, daaen 1856.

**) sluka.

 

[Her er ei anna omsetjing av same diktet: Arne Garborg: Lorelei]

 


Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 12. Tysdag den 30de juni 1885. 1ste aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad