Fuglekrigen

(Dikt, 1886)

Av M. [Marius Hægstad]

Det var slikt liv i all den lund
med fuglesong av hjartans grunn.
Det, som er rett, dei alle vil;
paa smaa og store var ei skil.

Men braadt det vart i lunden stilt;
dei store hava freden spilt.
Dei store vilja eine raa,
og taka retten fraa dei smaa.

Fraa reid og all sin eignalut
dei smaae verta drivne ut.
Gud hjelpe den, som liten er,
imot dei stores vonde her!

Daa synest ein aa sjaa ein veg,
han bed dei smaae samla seg.
Han bed deim halda trufast lag
imot det harde, ville jag.

Dei gjorde so, og meire spakt
dei store dreiv si smaafugljagt.
Men all sin harm dei lagde paa
den fugl, som raadde so dei smaa.

Han fær ei fred, han fær ei ro,
dei setja paa med nebb og klo.
Dei yla, skrækja, kvin og skrik,
du skulde aldri høyrt det slik.

Og med var ula, spaadomsfugl,
som narrad alle med sit jugl.
Ho hatad han so overlag
fyr elsken hans til ljos og dag.

Og ein av brødrom hans var med -
- Gud unne honom sidan fred -
Han var so rædd dei store han,
han sveik sin broder, arme mann.

Dei sette paa med all si magt,
men lenge varde denne jagt.
Dei sette paa med fynd og klem
og dreiv det slik i dagar fem.

Daa laut den fugl or reidet gaa
med make og med ungar smaa.
Det nyttad ikkje sorg og sut,
for hjarteløysa dreiv deim ut.

Men jordi er so stor og vid
og himlen allstad lika blid.
Fyr honom og ei raad det vart,
eit reid han fann seg helder snart.

I lunden varer striden enn,
den vara vil, med lunden stend.
Sum smaafugl svigtar flokken sin,
og difyr stødt dei store vinn.

Gud vende allting eingong so,
at smaae faa fyr store ro.
Gud vende allting eingong slik,
at retten vert fyr alle lik.
 


Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 33. Laurdag den 15de mai 1886. 2dre aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad