Dei halte sitt land

(Dikt, 1885)

(Fraa tysk etter C. F. Gellert)

Av Marius Hægstad

Det var i gamal tid eit litet land,
og i det landet fanst ei nokon mann,
som kunde fram eit ord forutan staming faa;
og alle hinkrad' naar dei skulde gaa.
Aa vera stam og halta var paa moten der.
Ein framandkar, som dette ustell ser,
han tenkte so med seg:
«Her skal dei koma til aa undra seg,
naar dei faa sjaa,
kor fint og stødt og beint at eg kann gaa».
So gjekk han daa med støde stig umkring.
Han gjekk; og alle glodde paa den underting,
dei snudde seg og saag og saag,
og undring uti alle augo laag.
Og fyre laatt dei gav seg til aa staa
og skreik:«Han - han - han - kann ei gaa!«
Den framande, han fann det pligt fyr seg
aa ikkje lata slike lastord paa seg hengja.
«De halta,» ropte han;«men ikkje eg!
Med denne gonga maa de av dykk venja.«
Men daa dei høyrde ordi han bar fram,
og at han ikkje stamad' minste grand,
daa vart det verre:«Han-e han-e stamar ikkje held'!
aa-nei, for ei, for ei, aa-nei for skam!«
Og ordet gjekk um honom rundt det heile land,
og spit og spott so tett som hagl fell.

* * *

Ein vane vænt det lytet gjer,
som me fraa yngdi * um oss ser.
Fyr klokast mann det nyttar ei
aa visa oss den rette leid.
Me halda honom fyr eit nar,
bert fyre di han klokast var.
*) yngdi - ungdomen.
 
 
 

Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 19. Torsdag den 15de oktober 1885. 1ste aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad