Arbeidarsong

(Dikt, 1886)

Av Marius Hægstad

Lat den, som vil, søkja gull og æra,
med daglegt brød vil eg nøgder vera;
fyr meg det er no det høgste stand
aa bli ein dugande arbeidsmann.

Me hava berre fraa haand til munnen,
men er ein stormegtig flokk grunnen.
Me straala ikkje i blad og bok;
kring landet finst me i kvar ein krok.

Kven rudde landet, kven bygde byen?
Kven reiste kyrkja med taarn mot skyen?
Kven bygde skipi, paa havi gaa?
Det var ein flokk utav berre smaa.

Det er ein flokk utav mange slike
som hava bygt upp det heile rike.
Alt arbeid kringum i by og grend,
det gjorde dugande arbeidsmenn.

Kvat ingen vinn, naar han er aaleina,
det vinn me godt, naar me oss foreina.
So lat oss daa halda trufast lag,
og der vil koma ein betre dag.

Ja, lat os retta kvarandre haandi
til hjelp i nød og til vokstr i andi.
Vaart valspraak vere: Arbeid og bed!
Daa lyt det ganga, for Gud er med.

17 mai 1877


Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 31. Torsdag den 15de april 1886. 2dre aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad