Urmakar Pisani og paradisfuglane

(Barnebok, 2003, utdrag)

Det blåste ein hard vind den kvelden fuglefangaren kom til byen. Vinden pressa seg ned i gatene og tok til å hyle melom husveggane. Ei blanding av regn og sludd fall skrått over hustaka. Litt før midnatt sparka fuglefangaren opp døra hos urmakar Pisani. Butikken blei fylt med ein oktobervind som varsla trøbbel og spetakkel.
    Paradisfuglane vakna frå halvdøsen inne i gaukura og kikka ned mot døra. Dei såg korleis urmakar Pisani kom styrtande ut frå bakrommet for å helse på fuglefangaren. Pisani strekte fram dei iskalde hendene sine.
    - Min kjære fuglefangar! Eg håper De kjem med godt nytt...
    - Eg kjem då alltid med godt nytt, Pisani! lo fuglefangaren og løfta buret ned frå aksla før han varsamt sette det på disken.
    Urmakaren kunne nesten ikkje vente. Fingrane hans flagra over det svarte teppet som låg over buret.
    - Så, så! sa fuglefangaren og heldt rundt buret med høgrearmen. - Pengane først...
    Urmakar Pisani gjekk bort til kassen, men såg at det ikkje var nok pengar. Han forsvann ut på bakrommet og kom tilbake med nokre setlar som han ga fuglefangaren. Pisani tok til å sirkle rundt buret. Paradisfuglane var vakne no. Dei kunne sjå alt oppe frå klokkene på veggane.
    Med dirrande hender løfta urmakaren vekk det svarte teppet. I buret sat ein sterk og tett ungfugl som såg seg rundt og flaksa med vengene. Urmakaren tok eit steg tilbake. Eit vindauge i butikken blei slått opp. Vinden røska ned ei av klokkene som fall frå veggen og rett i golvet. Fuglen inni tok til å skrike og pipe.
 
 

Frå Frode Grytten: Urmakar Pisani. Eide Forlag 2003. Side 8-9.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.