Heimstell: Dumme mannfolk

At mannfolki  «er som ungar» i mange maatar, er noko som me veit. Men aldri er dei vel meir raadlause en når det gjeld vatn og rette bruke av det. Det er elles tvo slag mannfolk: 10% av dei er reint kaldvatn-galne og hoppar paa sjøen elder slær kaldvatn yver seg, so snart dei hev ei stund, og vil tilmed at smaabaani skal «herdast» med kaldvatn, fraa dei sting nosi inn i denne vonde verdi. Men dei andre 90% dei hev inga greie paa, kva kaldt vatn er godt til, og, mange hev dendaa beintfram vats-støkken.


Her um dagen kom det ein fælt klok og framifraa upplærd mann her hit og bar seg so ille og visste seg inga raad, kos han skulde fara aat med å vaska seg skikkeleg. «Eg hev greidt so mang ein vrang floke i mitt liv» , sa´n; «men dette kann eg ikkje rekna ut: for vaskar eg hendene fyrst, sa vert vatne svart og kliner andlite til; men vil eg vaska andlite fyrst, so kliner eg det ut med dei svarte henderne. – «Jau stakkar», sa eg, «det er ikkje so greidt. Men tenk endaa eg berre er eit stakkars kvinfolk, so hev eg daa funne ut ein måte lel eg. Høyr no vel etter. Fyrst vaskar eg henderne. Og so – tek eg nytt vatn aat andlite.» - Aa! Paa den maaten!

 
 

Frå Hulda Garborg: Heimestell : uppskrifter og rettleidingar for smaae hushald, helst paa lande.
Den 17de Mai 1899. Side 7- 8.

Publisert med løyve frå forfattar og forlag.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.