Heimestell: Utelufti

Utelufti er den beste, um ein fær innelufti aldri so god; og ein skal halda seg ute so mykje ein kan, i arbeid elder i leik; for frisk rørsle i fri luft gjer folk av oss, so visst som innesitjing og kjæleskap gjer oss til kruslingar. Det er elles med arbeid og leik som det er med alt: det er «jamnen som er det beste». Maateleg men jamt, det er tingen.
 
 
Frå Hulda Garborg: Heimestell : uppskrifter og rettleidingar for smaae hushald, helst paa lande.
Den 17de Mai 1899. Side 11.

Publisert med løyve frå forfattar og forlag.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.