Heimestell: Tobak

Men elles er det vel, Gud betre, med baade kaffi og tobak som doktarane segjer, at den er best faren som minst brukar; for all kunstig uppkveikjing slit paa nervekrafti, og utruleg mykje vondt kan koma av desse  «uskyldige» ting, fraa hjarteklapp til blinde augo og lam vilje (det siste ikkje minst!) Nokre meiner det er sunnare aa skråa enn aa røykja, andre seier det er verre, fordi ein daa sputtar endaa meir. Eg veit ikkje kven hev rett; men at den skraa-sputtingi er det ufysnaste av alt ufyse, det veit eg.

 


Frå Hulda Garborg: Heimestell : uppskrifter og rettleidingar for smaae hushald, helst paa lande.
Den 17de Mai 1899. Side 11.

Publisert med løyve frå forfattar og forlag.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.