Heimestell: Tannhygiene

Ingenstad trivst smaatroll ( «basillar» ) so godt som i munnhola; for der er nett maateleg varme aat dei.

Ein lærd mann hev fortalt, at i ein manna-munn hev dei funne, eg trur sosant det var 73 slag av desse trolli. Huh, lat oss ta eit munnbad so ofte me ser vatn ! Det er berre aa halda full munnen med vatn, til det vert varmt, og so sputta det ut. Morgo og kveld maa ein reinska tennerne med

fløve (mjølkevarmt) vatn og ein god tannkost. Godt tannpulver elder tannsaape gjer dei kvite og hjelper til aa reinska hol og krokar, der bosten ikkje naar til.

 
 

 


Frå Hulda Garborg: Heimestell : uppskrifter og rettleidingar for smaae hushald, helst paal ande.
Den 17de Mai 1899. Side 13.

Publisert med løyve frå forfattar og forlag.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.