Heimestell: Ost. Egg. Ymist

Det er ei underleg vis me hev her i lande, med det at alt framandt skal vera so gildt! I eit framifraa mathus paa lande i Frankrike - eit kjent gjestehus (hotel), der dei tek imot folk baade fraa Paris og fraa utlandi, - der fekk eg til alle maal berre Brie, aldri annan ost. No var det kje for det at Brie ikkje skulde vera god nok; det er ein framifraa ost, endaa me vilde finna han fælt simpel, um han var norsk. Men eg kom til aa spyrja ein dag likevæl: kvi dei altid kom berre med dette eine slage. «Jau,» sa dei, «det er den osten me lagar her!» (le fromage du pays). Og dei kunde daa kje finna paa aa kjøpa ost andre stader, naar dei hadde ost sjølve ! - Eg maatte tenkja paa vaare norske turisthotel. Trur du dei vaaga aa setja fram berre «simpel norsk» ost for ein utlending? Nei; nordmannen er altid so rædd dei skal ta han for ein «heimaling», og so set han fram ost paa ost av dei som utlendingen fær betre heime, men kanskje ikkje noko av det, som høyrer lande til, og som han just vilde ha moro av aa smaka so til eit umbyte. Han «kunde tykkja det var simpelt !»
 
 

Frå Hulda Garborg: Heimestell : uppskrifter og rettleidingar for smaae hushald, helst paa lande.
Den 17de Mai 1899. Side 125.

Publisert med løyve frå forfattar og forlag.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.