Heimestell: Kaffi

Brenn kaffien seint og jamt og ikkje meir en ljosbrun. Blaas alle skali væl av, og koka han berre med reint linn varme. Naar kaffien er paahavd, skal han staa paa ein varm omn og berre smaakoka so vidt.
I det heile er gode kaffiblandingar noko som ein ikkje skal mismæta. Naar ein hugsar, at desse tvo millionar menneskje drikk upp for ikr. 25 millionar kronur i kaffi um aare, so skynar ein, at det kan vera paa tidi me tek til vite her og. Serleg paa lande, der dei hev mjølk, er det skam, naar folk armar seg ut paa kaffi, som dei sume stader skal gjera, so det er vondt aa vita um det. *)
Brent heimebygg hev eg og freista og funne godt. Ein maa berre agta seg, at ein ikkje brenner korne svart, berre fint ljosbrunt.
 
*) Dette «fatige» folke øyder upp (etter utreikning av H. E. Berner) :for ikr. 25 millionar um aare i kaffi og for millom 30 og 40 millionar i rusdrykkjer. Vil ein dertil rekna for 7 millionar i tobakk (eit tal som visst ikkje er for stort), so vert det i alt ikr. 67 millionar um aare, uppøydde til inkje-gagn og ugagn, elder paa lag so mykje som heile riksbudgettet vaart.
 
 
Frå Hulda Garborg: Heimestell : uppskrifter og rettleidingar for smaae hushald, helst paa lande.
Den 17de Mai 1899. Side 145-146.

Publisert med løyve frå forfattar og forlag.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.