Heimestell: Fotvask

Fotvask. Aa vaska føterne sine med kaldt vatn og saape um kvelden er svært godt, baade um vinteren naar ein frys paa dei, og um sumaren, naar ein er sveitt og varm. Sveitte skitne føter er ein ufysen ting baade fyr ein sjølv og andre.
Plagast ein av heite og sveitte føter, er det godt aa vaska dei av og til med edikk og vatn.
Men tek ein jamt kalde fotbad, so slepp ein nok baae desse plaagurne.
 
 

Frå Hulda Garborg: Heimestell : uppskrifter og rettleidingar for smaae hushald, helst paa lande.
Den 17de Mai 1899. Side 7.

Publisert med løyve frå forfattar og forlag.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.