Heimestell: Drykk

Bjørkevin er den rette norske champagne. *) Um vaaren, trast bjørki er utsprungi, borar ein hol i store friske bjørker nokre fot uppyver marki, og lét safti renna i eit reint kjerald. Best er det aa laga ei lita røyr og setja inni, so ikkje safti vert spillt. Naar ein hev samla saft i 2-8 dagar, fyller ein ho paa champagneflaskur. Paa kvar flaske hev ein so 1 teskei sukker, 1-2 teskeier rum elder sprit (kjøp norsk sprit), 2 til 4 rosinur og ein knivsodd vinstein. Hev ein eit stykkje sitronskal aa ha paa, er det godt. So korkar ein flaska væl og kvaadar korken, so det vert fulltett. Naar vinen skal skjenkjast, hev ein litt fint kvitt sukker i glase; daa syd han som champagne. Det maa vera gode, sterke flaskur, og vinen maa liggja i kjellaren.
(All vin skal liggja, ikkje staa).
 
*)Etter Hanna Winsnes.
 

Frå Hulda Garborg: Heimestell : uppskrifter og rettleidingar for smaae hushald, helst paa lande.
Den 17de Mai 1899. Side 136.

Publisert med løyve frå forfattar og forlag.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.