Arne Garborg
Arne Garborg, leiande nynorsk forfattar frå siste del av 1800-talet. Romanar, dikt og essay av Garborg er framleis kanoniske verk. Han introduserte filosofiske, litterære og religiøse idear gjennom omfattande skribentverksemd, og han grunnla fleire aviser.
![]() |
Arne Garborg |
Garborg skreiv heilt frå skuledagane og debuterte med Smaastubber af Alf Buestreng (1873). Gjennombrotet kom med Bondestudentar (1883), som skildrar temaet sitt med ein karakteristisk kombinasjon av økonomisk og sosial realisme og moralsk patos. Mandfolk (1886) er naturalistisk inspirert, og Hjaa ho Mor (1890) har same preget. Mot slutten av dette tiåret utviklar Garborg epistelforma i Kolbotnbrev (bokform i 1890), som fortel om flyttinga til Tynset i 1887 og ekteskapet med Hulda Bergersen.Eit overgangsverk til ein meir psykologisk stil er Trætte Mænd (1890). Samtidig henta Garborg tematikken frå barndomens Jæren og skreiv meisterverk som Fred (1892), diktsyklusen Haugtussa (1895), skodespelet Læraren (1896) og den prosalyriske Den burtkomne Faderen (1899). Det viktigaste verket etter hundreårsskiftet er Knudaheibrev (1904), skrivne på hytta hans på Jæren. Frå 1897 budde han på Labråten i Asker vinterstid og i Knudaheio om sommaren. Etter at han slutta å skrive fiksjonsverk, arbeidde han med omsetjingar og sakprosa.
Diktaren
Arne Garborg var uvanleg var for nye idear og straumdrag, og han greidde å bruke dei i diktinga si. Han skapte mønsterverk innanfor fleire ulike sjangrar og fleire periodar. Romanane Bondestudentar, Trætte Mænd og Fred er dei viktigaste episke verka. Med desse tre bøkene leverte Garborg eit klassisk realistisk, eit premodernistisk-dekandent og eit naturalistisk og karnevalistisk verk, i tre ulike periodar.
Diktsyklusen Haugtussa (med framhaldet I helheim) er eit lyrisk hovudverk i norsk litteratur og det fremste dømet på den fornya interessa for lyrikk i 1890-åra. Det føyer seg inn i dei episke diktsyklusane frå Draumkvedet til Paal-Helge Haugens Anne. Innanfor sakprosa leverte Garborg mønstergyldige essay som Hanna Winsnes' Kogebog eller epistlane i brevbøkene. Læraren (1896) er eit drama som framleis vert framført, sjølv om dramaforma er den han bruker minst. Det særskilde er altså den store breidda i bruken av litterære former og at han lukkast med så mange av dei.
Målmannen
Språkspørsmålet var viktig for Garborg på fleire nivå. Eksistensielt greip han målsaka som livsoppgåve då han glei ut av den tradisjonelle religionen på slutten av 1870-åra. I Den Nynorske Sprog- og Nationalitetsbevægelse (1877) lanserte han den såkalla tonasjonslæra, nemleg at dansk(-norsk) og norsk utgjer to ulike nasjonar som er i strid. Verket gjorde han til ein sentral aktør i landsmålsrørsla, der han utførte mykje organisatorisk arbeid. Han grunnla avisa Fedraheimen i 1877 og stod sentralt i skipinga av tidsskriftet Syn og Segn i 1894 og avisa Den 17de Mai i 1904. Saman med Hulda Garborg la han grunnlaget for skipinga av Det Norske Teateret i 1913, og han argumenterte for landsgymnasa.
Frå Jan Inge Sørbø: "Arne Garborg", Allkunne.no, sist oppdatert 10.3.2008 [lesedato 26.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.
Tekstar om Arne Garborg
Ivar Mortensson-Egnund: Garborgs religiøse programm. 1924
Ivar Mortensson-Egnund: Minnetale. 1924
Steinar Schjøtt: Helsing til Garborg på 60-aarsdagen hans. 1911
Nasjonalt Garborgsenter
"Nasjonalt Garborgsenter er ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar." Senteret ligg sentralt til i Bryne, i Time kommune, og opna i 2012.
Databasesøk med Arne Garborg som emne
BIBSYS Oria
Bibliografi over norsk litteraturforsking (LITTFORSK)
Norske tidsskriftartikler (NORART)
Tekstar av Arne Garborg
Her finn ein Skriftir i samling I-VII (1921-22-utgåva) med hovudverka til Garborg, og nokre andre verk, dels i andre utgåver enn i samleverket. Tekstar som er tilgjengelege her, vil førebels ikkje bli lagde inn i vårt Nettbibliotek.
Dagbøker 1905-1923, I-VI
Arne Garborg i bokhylla.no
Nasjonalbiblioteket sitt digitaliseringsprosjekt.
Allheims drott
(Dikt, 1898)
Anarkiets Bibel
(Artikkel, 1920)
Brev til Ivar Mortensson Egnund
(Brev, 1887)
Ei samrøde med Sokrates daa han sat dømd i fengsle
(Omsetjing, 1920)
Eit granskarliv
(Minneord, 1923)
Eit tidskifte
(Lesestykke, 1877)
Jeppe paa Berget
(Omsetjing, 1921)
Jeppe paa Berget. [Føreord]
(Omsetjing, 1921)
Jesus Messias
(Føreord, og eitt kapittel. 1906)
Kjærleik
(Omsetjing, 1921)
Kongeløni
(Artikkel, 1896)
Kunnskap
(Lesestykke, 1880)
Lorelei
(Omsetjing, 1923)
Minnekvad um Ivar Aasen
(Dikt, 1897)
Minnekvæde
(Dikt, 1920)
Norske Embættsmenner
(Foredrag,1906)
Odyssevskvædet. Fyrste songen
(Omsetjing, 1919)
Offer, offer
(Dikt, 1949)
Rasmus Løland
(Minneord, 1908)
Til Ivar Aasen
(Dikt, 1896)
Til ungguten
(Lesestykke, 1877)
Um Pengar
(Lesestykke, 1920)
Ved gravi til mor
(Lesestykke, 1920)
Å, hjelp meg
(Dikt, 1949)
Ivar Aasen. Diktaren
Artikkel (1913)