Tistlarne

(Lesestykke, 1908)

Av Stefan Frich

Ein litenvoren tjukfallen plugg, fast som eit lite berg, med eit rundt friskt andlit og blanke - stundom noko kvasse augo. Der laag ein liten lur smil og leikte seg i augnekroken liksom til aa syna at han var ingen tosk; men du saag nok straks han var ingen lurifas han Per Hol. Det var for godt to i honom til det. Men verdi er so mangeleis. 

Dei likte ikkje ugraset heime paa Hol, korkje i aakeren eller i hagen. Aakeren skulde vera rein sa han far, og slik som han stræva so ikkje kvika eller dylla skulde faa raa paa bygget! Og ho mor reinska i hagen baade seint og tidleg og lærde upp han Per til aa hjelpa seg. Han tykte nok synd i det friske grøne graset i fyrstningi og dei fine gilde blomarne, men etter kvart han vart større og saag kor kaalen og gulroti treivst og voks med di han reinska ugraset unda vart han likso hatig paa det han òg som far og mor. Og han lærde tenkja. Det var daa ikkje so godt altsaman som var vænt aa sjaa. Den store tjukke raude tistelen som han hadde tykt var so gild - no vart han det styggaste han visste. Dei kvasse piggarne var leide aa takast med, men - upp skulde han! Elles var det andre raader aa bli kvitt honom òg, sa han far. ”Me skal berre stella vel med jordi, - dyrka henne. Men du lyt læra fyrst. Og so skal det arbeid og tolmod til.” 

Det morosamaste han visste det var aa arbeida med jordi og bli kar. Paa skulen likte han seg berre so som so. Han var nok ein bra kar læraren, og god til aa fortelja. Og det var mangt gildt aa lyda paa. Um dei gjæve gamle norske kongarne, og um Einar Tambarskjelve, um Gregorius Dagsson - aa for karar dei var lel! Og so dette um Jesus, han som var so god og gav livet sitt til aa frelsa oss! Og at han var god for aa taka alt so tolugt! Men koss kunde det bera til at dei fekk drepa honom? Og koss kunde det ha seg at me var so synduge? Han laut elles undra seg yver desse liknadarne hans - denna um saamannen og jordbotnen. Det var menneskjorne det sa læraren; men var menneskjorne slike? Og tistelen som kvævde det gode sædet! Han vart harm ved tanken.

Men naar dei so tok til med leksehøyringi, daa vart det liksom burte altsaman; daa vart det berre keidt og daudt tykte han. Daa rann det utor dei som or ein ertersekk paa detta fine maalet som stod i bøkerne. Det var ikkje norsk tessmeir sa han far, men sidan dansketidi hadde det vorte fint i Noreg aa ikkje kjennast ved heimemaalet vaart. Han likte nok ikkje denna remsingi deira læraren, og freista halda att-i med dei sumetider. Men so var det dessa lange gjentungarne som sat paa fremste benken, med krulla lugg frami skolten, og raude kjolar, og so fine so det lufta fint av dei paa lang leid. Dei visste kva som var fint og rett dei, for dei var fraa dei finaste gardarne i bygdi. Dei blygdest ikkje for aa flira aat læraren tessmeir naar han tala bygdemaalet, og slik som dei sat og kviskra og tiska millom seg og skreiv brev aat einannan endaa dei sat jamsides, berre til aa synast at dei vilde heita ”frøken”:

      Frøken Jensine Stormoe. 
      Frøken Theoline Wohlen.

 

Jau dei remsa, ikkje heller dei; dei kunde tala fint dei. Kunde ja! Veit du kva ho Jensine fortalde her ein dagen: ”Tora fra Rimol skjulde *) jarlen i et hul som hun havde faat gravet under sit grisebøle.” Skal tru ho skjulde honom rein der i all griselorten? Dei las nok ikkje so verst naar dei berre slapp lesa landsmaal, men det var leidt lyda paa dei likevel av di dei gjorde seg so til. Dei skreiv fine og væne bokstavar det gjorde dei, men i rettskrivning var dei med dei laakaste. Og so var dei so urolege og lydde mest aldri etter, og naar so læraren spurde dei kunde dei svara so reint burti natti toskut so ein kunde trutt dei ikkje hadde vitet sitt. Men dei var like krye for det. Han torde ikkje segja noko større aat dei læraren heller og syna dei kor toskute og jaalute dei var; han kunde faa fru Stormoe og fru Wohlen yver seg og daa vart det sagte ikkje godt vera lærar, slikt munnty dei hadde! Desse tvo ”frøkener” som breidde seg slik og tok magti i skulen! Dei var rike skulde vera, og ikkje verst stygge heller naar ikkje all den jaaleskapen hadde vore, og sume av gutarne var ikkje likare enn dei gjølte for dei endaa dei ikkje fekk stor takken for det. Og gjentorne hølte for dei av di dei var so grome. Og so leide som dei var, og ikkje det slag hjelpsame! Dei slapp vera med og sopa golvet òg dei naar skulen var slutt; dei kunde ikkje slikt sa dei, det gjorde tenestgjentorne heime hjaa dei. Nei dei gjorde sagte inkjenoko til gagn heime heller; det sa Kari tenestgjenta heime, og ho hadde tent baade paa Stormo og Vole. No visste han kva dei var! Tistlar var dei, dei som kvævde det gode sædet! Dei skulde rivast upp med rot! Han skulde vera etter dei han!   * * *   Ein dag hadde dei til lekse i bibelsoga ”De betroede pengesummer” og paa sisten vart Per spurt um den late og unyttuge tenaren som grov pundet sitt ned i jordi. Kva var det for slag folk Vaarherre meinte med det? ”Han meinte paa gjentor som ikkje er god for aa gjera so mykje som aa sopa eit golv!” svara Per. Dei tvo gjentorne gjorde nakke og saag burtpaa honom og kniste. Gutarne tykte han var for drjug. Læraren tagde ei rid, so sa han: ”Enn gutarne daa? Er dei so mykje likare dei?” Daa dei gjekk heimatt slengde Teoline etter honom eit ”Vigtigper!” Han ansa henne ikkje. Dagen etter var det fælt til uppstyr i gjenteflokken i fyrste timen. Ho Sigrid Haugen hadde spilt lampeolje paa kjolen sin fyrr ho gjekk heimantil; ho sat attanfor Teoline. Og Teoline og Jensine sat og vreid paa seg og bar seg so ille og flutte paa seg so dei kunde koma langt nok unda; det lufta so fælt at -. Sigrid vart skamfull og kom paa graaten, men dei tvo bar seg like ille. Ho Sigrid var husmannsdotter under Vole; ho var snild og greid og vel umtykt; alle visste kor strævsamt ho hadde det heime og at ho gjorde arbeid for vaksi gjente. Læraren la ut um den miskunnsame samaritanen og um aa elska næsten sin. Og um presten og leviten som for framum den skamfarne karen av di dei ikkje vilde uppi noko som var leidt. Det lufta kanskje stygt av saari hans òg sa læraren. Dei var hjartelause slike folk sa han. Daa timen var slutt skulde dei ut og leika seg. Teoline og Jensine skulde læra dei ein ny leik som var so paa mote komen i byen; han var so ”frygtelig morsom”! det var ”kjæde” i honom òg. Men dei vilde ikkje ha Sigrid med; dei hadde havt nok av den fæle lufti inne. Per Hol var harm. Han var paa og skulde sagt at kristenfolk kunde hjelpa seg forutan slike prestar og levitar og farisæarar, men han styrde seg og sa berre at dei som vilde vera med honom skulde taka hauk og duve og at ho Sigrid skulde vera hauk. Daa kløyvde flokken seg og mange gav seg med honom; men dei fleste gav seg med Teoline og Jensine; det var detta nye som drog. Men fraa den dagen tykte Per betre um seg paa skulen. Han hadde faatt noko aa strida for, og han skulde nok greida det. * * *  Ein dag burtimot jonsoktid fekk dei framandfolk paa Hol. Det var ein høg jordbruksmann, dei kalla honom jamvel direktør. Han hadde vorte var den velstelte aakeren nedantil aalmannvegen og hadde faatt hug til aa sjaa uppum. Og han saag seg um baade vel og lengje, baade ute og inne, paa aakrar og engjar, i hagen, i fjøs og stall og laave, paa stabburet, i kjøken og kjellar, allestader. Han far var med og synte honom umkring ute, og baade far og mor inne. Han spurde etter alt som til var, so nøgje so du skulde aldri høyrt slikt. Og dei svara. Han vart blidare og blidare til meir han saag og til meir han høyrde. Han vart so forundra at dei kunde passa alt og faa gjort det so vel med so liten arbeidshjelp. Han gav seg gode stunder. Ho mor baud honom kaffi; men han drakk ikkje kaffi i utrengsmaal log han, og no var det snart middagstid. Ho mor sa at ho vilde ha vaaga seg til aa bode honom middag um ho hadde havt noko ferskt, men han skulde sagte til Vole, - til hotellet? Dei hadde sumarsgjester der og heldt hotel attaat. Ja mat laut han ha sa han, men han likte ikkje at bonden aat upp seg sjølv, og det gjorde han naar han vande seg paa denne hotel-livemaaten um han tente aldri so godt paa det; usunnt var det òg. Han vart verand til middags og fekk spikemat og sur soll, og det var likt til at det smaka godt. Ei tid etter stod det eit stykke i ”Landmandsposten” som han far heldt: 

”Eit mynsterbruk.”

Der stod ikkje noko gardsnamn, ikkje namnet paa bygdi heller. Men det var no Hol likevel, for det høvde paa ein prikk altsaman, og tali lyg ikkje sa han far.

 

* * * Dei var so rare med di mange av skulekamratarne hans at dei likte ikkje heimearbeidet. Det var so keidt og so trælsamt, og so var det ikkje noko aa tena paa det sa dei. Jau dei visste det nok dei! Baade han Karl og han Matias skulde til byen og staa paa ei krambud straks dei vart konfirmerte; det var ikkje braatt so slitsamt, og so vart dei fine folk med det same, kunde røykja sigar paa gata og vart vyrde. Og ingi skikkeleg **) gjente vilde vera paa landet lenger og tena for so liti løn, det sa dei mest alle dei vaksne no. Og kom dei til Amerika vart dei fine damor straks; ho Oline Plassen hadde vorte gift med ein rik kjøpmann der og gjekk i silke og fløyel til kvardags! - Slikt var det dei vilde, tistlarne! Og han kom ihug aakeren og engi heime paa Hol, og so skotta han burtaat henne Sigrid Haugen som var berre husmannsgjente, men stræva so trutt i heimen sin; tru ho òg vart slik so ho vilde til Amerika og faa silkekjole naar ho vart vaksi? Det skulde ho vera blaa for um ho vilde koma til Hol, - det segjer han Per!Ingen tistel paa Hol! * * * ”Tistlarne” kjende no dei hadde faatt ein fiende som var etter dei og ikkje var so greid. Men dei hadde eit godt tak paa honom med di at han var berre fraa ein medels gard og at foreldri hans var lite i lag med dei store. Han var simpel og raa var han! Han var so udana so det var skam; tenk han hadde møtt futen nede paa vegen og ikkje visst so mykje so han hadde teke av seg huva! Det hadde dei stade og sét paa sjølve. Men han beit ifraa seg; han hadde vener no so han fekk visst kva dei sa um honom. Jau han hadde nok kjent futen paa huva; men han visste at futen kjende ikkje honom og so hadde han tykt det var leidt aa bry honom; hadde han helst, so hadde futen mest lote helsa att. Sonen aat presten, som gjekk paa skule i byen, helste ikkje paa futen han heller; der brukte dei ikkje aa helsa paa anna enn kjendsfolk sa han. Men næste gongen han møtte futen vilde han helsa paa honom likevel, for det var ikkje verdt aa gjera byskikken til landskikk. Helste so futen att so var det vel, men gjorde han ikkje det so var det av di han gjerne vilde sleppa helsingi. Men det var ikkje støtt han var so klok til aa greida for seg. Blodet kom i kok ofte, og daa kunde han vera kvass, ja sinna. Dei var ikkje so sløge just dei tvo gjentorne, men so sløge var dei daa at dei skynte det, og so erta dei honom upp, og naar han daa vart grov snudde dei berre ryggen til hònom. Daa hadde dei vunne slaget. Men so var dei so forsett vigtige og so høgfornæmt kalde so dei støytte fraa seg dei som hadde sét mest upp aat dei òg. Og han Per var paa post; for kvart tapt slag kom han att sterkare, og sumetider byste han dei so fint so alle dei andre skratla. Det beit verre enn noko anna, og no vart dei so sinna so ein vakker dag gjorde dei av med seg sjølve! Det var sist i skuleaaret og dei heldt paa og for igjenom alt dei hadde lært. Det var i Norigssoga; læraren bad honom Per fortelja det han kom i hug um Havsfjordslaget. Han hadde sjølv fortalt mykje um det fyrstnads i skuleaaret, men i læreboki stod det berre so vidt nemnt slaget og aarstalet. Men han Per hadde godt minne og so hadde dei Snorre heime so han var godt kjendt. Og han maala slaget so livande mest som han skulde vore med sjølv. ”Daa la Tore Haklang fram, og han var berserk -” ”Fy! Fy!” skreik baae tistlarne, den eine høgre enn den andre. ”Kva er det de segjer fy aat?” spurde læraren. Jau han Per hadde sagt so stygt eit ord - Kva det var for eit ord? Nei det var so stygt at dei kunde ikkje taka det paa deira tunge. So mykje hadde dei daa lært heime at dei aldri skulde segja slikt. ”Kva skulde dei segja daa?” ”Aa - linned naturligvis,” bausa Teoline paa. Men daa laut læraren storskratla. Han skratla so det mest ingen ende vilde taka. Og heile skulen skratla med. Um ettermiddagen fekk læraren ”visit” av fru Stormoe og fru Wohlen. Han bad dei inn. Nei, dei vilde faa tala med honom i skulestova. Og der bar det laust. Dei saag nok at han lest som han ikkje visste kva dei gjekk etter! det fanst sagte ikkje skam i honom. Dei hadde skynt lenge at han i grunnen var ein raa person og at raaskapen fekk raa seg mest som han vilde i skulen hans, so dei hadde vore i stor tvil um det var forsvarlegt for dana folk aa lata borni sine gaa i ein slik skule. Men at det skulde gaa so vidt at læraren sjølv gav den verste pøbelen medhald, det hadde dei daa ikkje trutt. Det hadde støtt vore dei um aa gjera aa læra upp borni sine til sedlege menneskjor med blygsel for alt som stygt og sedlaust var, og dei hadde aldri tenkt seg at hr. Lid hadde kunna bera seg slik aat. Men slikt vilde dei ikkje tola! Ikkje tola det ein dag! Borni deira skulde ikkje setja sin fot i hans skule meir. Han freista stagga dei og bad um aa faa gjera greide for seg; born var daa berre born og dei hadde ikkje høyrt rett etter. Men det var raadlaust for honom at faa sagt noko. Deira born hadde rett so godt vit og var so godt uppdregne so dei høyrde nok etter, og skynte nok det dei høyrde òg! Det var ikkje so høglærde ting aa faa høyra i den - filleskulen! 

Dermed gjekk dei.

 

* * *   Paa Vole hadde dei faatt ei frøken fraa Kristiania til lærarinne, ei retteleg frøken. Og ”tistlarne” las baade tysk og engelsk no; kor vel dei lærde det veit ikkje eg. Og so hadde dei faatt piano, og Teoline og Jensine - dei som ikkje kunde skilja tonarne eingong - hamra i kapp so det dunde kav ned paa Volesletten. Og i ”filleskulen” var det mykje trivelegare no. Det var mest som noko myrkt og vondt hadde vorte burte, som hadde stengt for soli. Læraren hadde òg vorte mykje meir til kar; det var magt i honom no. Og med honom kom det meir liv i dei alle, meir mod og tru, - tru paa Gud, paa fedraland og heim, paa alle gode magter. Og dei planta i skog og mark. Og dei song:       ”Gud signe vaart dyre fedraland
       og lat det som hagen bløma!
       Lat lysa din fred fraa fjell til strand
       og vetter for vaarsol røma!
       Lat folket som brøder saman bu,
       som kristne det kann seg søma!”  Og so det verset: 

      ”No er det i Noreg atter dag
       med vaarsol og song i skogen.
       Um sædet enn gror paa ymist lag.[sic]
       det brydder daa etter plogen.
       So signe daa Gud det gode saad,
       til groren eingong er mogen!”

 

Han Karl og han Matias vart forlikte um at dei vilde festa seg til tenestgutar paa eit aar fyrr dei drog aat krambudi, men ikkje korkje paa Stormo eller Vole. Og gjentorne? Ja dei sa at dei vilde ikkje vera som Teoline eller Jensine. Nei det vilde dei ikkje!  

* * *

 

Per Hol hadde vore hjaa presten um dagen saman med dei andre ”lesarborni”. No var han heimatt komen og sat ved matbordet. ”Du far?” ”Kva er det du vil?” ”Var det ikkje rett av meg at eg tok Teoline og Jensine for tistlar?” ”Aa - dei var det kanskje; dei skjemde ut skulen for dykk.” ”Trur du ikkje det var gale for dei at dei kom utor skulen?” ”For dei var det gale, men for dykk var det visst det beste.” ”Men trur du ikkje dei kunde vorte likare i skulen?” ”Jau naar foreldri ikkje hadde gjeve dei medhald - eller naar livet elles hadde bøygt dei. Men det kann skje enno det.” ”Du sa eingong at ein kann bli kvitt tistlarne um ein ikkje riv dei upp med roti, - med aa dyrka jordi paa rette maaten og stella vel med henne. Er det slik med menneskjetistlar òg? ”Ja.” ”Du - um dei bli bøygde - trur du daa dei kjem til aa vyrda morsmaalet sitt?” ”Eg veit ikkje. Men eg trur helst det. For dei tok skade daa dei vanvyrde det.” 

[Notar:]
 *) skjulde = skylde (av skylja).
 **) som var noko tess.


Frå Smaafolk. Nokre Barnesogor av Stefan Frich. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1908. Side 19-31. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad