Staal

(Lesestykke, 1908)

Av Stefan Frich

No trur du visst det bli ei fæl soga med eld og staal og krig paa kniven, men det skal du vera blaa for. Det er mange slag staal som er godt aa ha naar det knip, um det ikkje just er smidt i ei vanleg smidje eller i vaapensmidja. Det er godt aa ha staal i armen veit du, og bruker du ar­marne godt og trutt i trufast arbeid for far og mor og heimen der du bur so fær du det staalet òg. Men endaa likare er det aa ha staal i hjarta. Anten du er gut eller gjente kann du ikkje berga deg vel gjenom livet utan det staalet. Du tykkjer kanskje eg er rar til aa snakka, men les soga mi til endes so skyner du nok meiningi. Og daa vil du nok beda Gud hjelpa deg til aa faa tak i det staalet, og til aa agta det vel so du støtt held det slipt og blankt.
 

1.

Aa jau, det var nokre gode karar dei som gjekk i Bøgrend-skulen! Sterke gilde karar. ”Ungdomen det er Noregs framtid det” sa læraren, og so song dei: ”Jeg vil bygge mit land.” Og naar dei gjekk heimatt fraa skulen var det sagte ein spræk flokk aa sjaa paa som dei slong ned­etter Nordigardsgjordet og gjorde stigen 6-7 gonger so vid som han var fyrr. Fyrst burti erteraakeren hans Olav Nordigard; dei var inne til middags no alt folket der so det var ingen som saag kor dei ramsa aat seg. Og erter er god kost for unge kjempekarar som er ute paa helteferd; ho er god paa smak, og ho døyver daa verste svolten sovidt so det hastar ikkje so fælt med aa koma seg heim aat henne mor.
 
Daa dei hev ete metten sin ber dei til aa sjaa seg um kva dei no skal finna paa som best; verdi er vid maa vita. Jau der fær han Hans Uppstad sjaa burti ein ikorn i ei gran sunnan skigarden, og dermed tek dei spranget heile flokken, - tvert yver gjordet og yver skigarden so skiveden knakk. Og burt i granskogen bar det.
 
Men daa dei kom burti der var ikornen burte. Han Hans visste so vel kor han hadde vore; han hadde bite so vel merke i den grani. Men dei saag og dei saag og ingen ikorn var der. So laut han vera i ei onnor gran daa, han kunde ikkje vera langt undakomen. Og dei til aa stira og stira; det var ikkje so stort holtet heller. Jau der fekk han Harald Øvrebø auga paa han, - høgt uppe i ei høg gran, tett innmed leggen; der hadde han gjøymt seg. ”Hoi-i! No skal han til pers!” skreik dei heile flokken, og til aa kasta med stein so det song etter. Men ikornen flutte seg snøgt som ein vind yver paa andre sida av leggen, og ingen raakte. Dei etter; men dermed skyt ikornen seg ut paa ei grein, og med eit langt byks sette han burti ei onnor gran att.
 
”Lat han vera!” sa Harald; ”han hev ikkje gjort oss noko. Og so hev han visst ungar aa syta for. Eg hev sét ei slik ikornboso eingong, paa budloftet heime. Han stelte so vel med ungarne sine den ikornen!”
 
Men ingen vilde lyda etter honom; dei hua og skreik ­ verre enn villtyrk, og etter ikornen bar det. Jau der var det ein som raakte honom, men det var berre i bakskrotten og han kom seg yver i eit anna tre att. Det varde og det rakk, men spræke karar gjev seg ikkje so lett skal eg tru. Til slutt raakte han Hans honom med ein stein frami hovu­det so blodet skvatt, og der datt han nedaat dei og var daud med det same. Dermed sette dei i og ropte hurra so det gnall i skogen.
 
”Detta var stygt!” sa han Harald.
 
”Detta var moro det!” skreik alle dei andre. ”Slik moro hev me ikkje havt paa lenge!”
 

Men Harald Øvrebø gjekk heim i tunge tankar. Han tenkte paa det arme dyret som dei hadde fare slik med, og paa dei arme ungarne som no hadde vorte far- eller mor­lause. Og han tenkte paa at han ikkje sjølv hadde vaaga noko til aa berga ikornen. Kunde dei ikkje likso gjerne faatt kasta stein paa honom? Og det var han som hadde synt dei kor ikornen hadde gjøymt seg!


Dei likte ikkje denna guten som aldri vilde vera med paa nokor retteleg moro. Han vilde ikkje vera med og driva ap med gjentorne heller naar dei var som morosamaste og erta gutarne med tøvet sitt. Han var ikkje so aalvorsleg heller, det var ikkje for det; han kunde nok tøva han òg, og han var baade kvik og ordhitten, men han var so nøgjen paa det og skulde liksom støtt vera noko for seg sjølv. Naar han endaa kunde ha late dei halda paa i fred! Men sumetider la han seg frami og meinka moroi for dei òg. Slik som her ein kvelden dei heldt paa i kjelkebakken. Ho Anna og ho Kari som støtt var so fine og kaute paa det hadde gaatt uppetter med den store grome rosemaala kjelken sin, og no hadde dei funne paa so godt eit peik aat dei til dei kom nedatt. Dei hadde lagt ein bjørkekrake midt i brattaste kneiken og skufla snø uppaa so han ikkje vart synand i myrkret, og dei hadde stelt det so gildt til, at naar gjentorne kom akand laut dei velta hovudstup midt uti ein snøhaug som var mange alner djup. Aa for moro det skulde vera aa sjaa kor dei bar seg naar dei skulde basa seg fram att or snøhaugen! Men so hadde han Harald funne ut det han, at um dei kom akand lite til andre sida istadenfor midt etter vegen kunde dei velta uppi harde issvellet istaden og daa kunde dei slaa seg stygt. Det var berre noko tull av honom, for dei pla støtt halda seg midt etter vegen; kvifor skulde dei daa halda seg paa den sida just daa? Men trur du ikkje han var so arg so med det same han saag dei kom setjand ovantil flaug han fram og reiv heile kraken unda so det vart ikkje noko av med heile moroi dei hadde gledt seg so til. Den tosken! Dei hadde nok dengt honom dugeleg etterpaa; men det var liksom det ikkje beit paa honom som det skulde det heller. Dei laut nok hemna seg paa honom til gagns so han fekk kjenna at dei tolde ikkje slikt.  

Men det høvde ikkje so til at dei fekk gjort det paa lenge. Medan heldt dei honom berre unda seg og vilde ikkje ha honom med i leiken; so fekk han gaa der og stulla for seg sjølv som ein annan raring.
 

2.

 
Eit lite stykke ovan garden paa Øvrebø var det ei dokk millom nokre berg. Der var god moldjord, og den jordi hadde Harald faatt aa stella med som han sjølv vilde. Han hadde træla fælt mèd aa brjota ho upp. Mesteparten av steinen hadde han brukt til gjerde ikring eigedomen, resten hadde han drege unda um vinteren paa ein liten slede. Systrarne hans hadde hjelpt honom noko med vinterarbeidet, men elles hadde han gjort det aaleine alt ihop. Det hadde vorte eit stort fint stykke, og han far hadde rost honom for arbeidet. Ifjor hadde han avla tvo tunnor poteter der, og no iaar hadde han sett kaalplantar paa det halve, og burt­med steingarden hadde han planta bringebær paa ei side og stikkelsbærkjerr paa dei andre. Det var slik ein fin vaar baade med regn og god yl so det kom seg so godt paa veg.
 
Det var den 4de juni og dei hadde aarsprøve paa skulen. Det var slik at dei fekk setja seg som dei vilde den dagen, og han Harald sette seg ved ein pult nedst i skulestova. Daa kom Hans Uppstad og sette seg frammed honom. Han Hans var den verste av alle til aa fara med fantestrik og hadde vore sintare paa Harald enn nokon annan. No var han so blid, og vilde nok gjera seg til vens med honom att var det likt til. Han Harald vart glad; han tykte det var gildt, og tenkte at naar Hans vart blid paa honom att kunde det nok laga seg med dei andre òg; det var daa leidt aa vera so utorhalden av kamratarne. Han Hans synte honom ein tolkniv han hadde; skaftet var berre simpelt, men det var so framifraa godt blad, og han la ut fælt um dette kor godt det beit. Men daa det leid paa jamra han seg for at han kunde ikkje noko av Norigssoga. Um Harald vilde vera so snild og hjelpa honom noko so han kunde greida seg sovidt, skulde han faa den gode tolkniven. Det skulde ikkje meir til enn berre aa kviskra eitkort svaret; det var ingi sak, for læraren var so langt unda og høyrde ikkje vel heller, so det var umogelegt han kunde koma etter det.
 
Nei det var fusk detta sa Harald, og det kunde han ikkje gjera; elles skulde han gjerne hjelpt honom um han ikkje hadde faatt nokon tolkniv. Men daa vart den andre vill og sette slike stygge augo paa honom, og sa at gjorde han ikkje dette skulde han faa kjenna kva det hadde paa seg aa gjera seg til uven med honom.
 
Daa han Harald vart spurt i Norigssoga kunde han svara paa alt. Men daa han Hans vart spurt kunde ikkje han det slag. Han dulta til Harald med foten, men der var ingi hjelp aa faa.
 
Det var ein kveld nokre dagar etter, - soli hadde steikt so svært den dagen og Harald gjekk upp i dokki, skulde vatna plantarne sine. Men daa han kom uppi der fekk han sjaa ei syrgjeleg syn! Alt var upprive, kvar plante og kvar busk, og sundplukka i smaatt!
 
Det tok honom so hardt so han kunde ikkje graata. Men daa han kom nedatt paa garden kom graaten paa honom. Far hans stod utanfor skaalen.
 
”Kva vantar deg gut?”
 
Han stod og hikstegret, og det drygde fyrr det vart til ord. Men far hans tok honom med seg inn, og so kom det fram altsaman - seint um senn. Og han fortalde um kam­ratarne sine, um ikornen og um kjelkebakken, og um dette med honom Hans no sist paa skulen.
 
”Det er ikkje verdt du græt! Det er godt det er so pass staal i deg guten min, so dei ikkje fær deg til aa gjera det som er gale. Du skal ikkje tapa paa dette skal du sjaa; me skal nok faa stell paa hagen din att. Men imorgon skal me gaa aat Uppstad, du og eg, og faa greide paa dette. Det er ikkje lenger unda.”
 
Daa dei kom aat Uppstad um morgonen var ikkje han Hans heime. Han hadde stroke paa sætri um kvelden med smaakryteri og skulde gjæta deruppe heile sumaren. Men daa Øvrebømannen tok til aa fortelja um korleis det var stelt med hagen hans Harald, og um dette andre som gjorde at dei mest laut tru han Hans hadde gjort det, daa voks det upp tvo gaukar, og det var Uppstadmannen og kjerringi hans.
 
So det var han Harald som hadde sagt dette? Aa jau, dei hadde nok høyrt gjete den fyren, - den leidaste guten i heile klassa, det sa dei alle kamratarne hans! Og slik skammeleg ljugarfant - skjemdest han ikkje det slag? Han Hans hadde vore heime heile dagen igaar tessmeir, - berre vore nedpaa budi hjaa kræmaren ei liti vending um etter­middagen. So det var daa sikkert nok at han kunde ikkje ha gjort det!
 
Dermed snudde dei ryggen aat dei og tok til att med arbeidet sitt; det var ikkje meir greide aa faa der. Dei laut gaa att.
 
Han Harald var bleik og klemde far sin i handi.
 
”Bry deg aldri um det du guten min! Eg veit du segjer ikkje anna enn sant. Men det bli nok ikkje godt aa faa prova at det er han Hans som hev gjort det. Men eg skal kjøpa nye kaalplantar aat deg; du skal sjaa dei bli nok enno naar du steller vel med dei. Bærbuskarne lyt venta til eit anna aar, det er ikkje onnor raad. Noko lyt du lida skal du læra aa halda staalet blankt; det er ingen skade i i [sic] det. Det er ikkje annarleis livet ser du. Rett i ryggen!”
 
3.
 
Det var aaret etter. Ein heit sumardag, so brennande heit so du kunde kovna mest. Harald Øvrebø krabba seg ned til fjorden, vilde lauga seg. Det gjekk ikkje fort; men det gjekk daa, og dernede var det straks lite likare; det var daa som ein liten gust endaa sjøen var blank som ein spegel mest. Aa som det skulde gjera godt aa faa svala seg i det friske saltvatnet!
 
Det var tri gutar fyrr dernede som alt var uti komne: han Hans Uppstad og tvo til av kamraterne hans. Dei heldt paa og sumde og staaka og heldt leven.
 
Han vilde ikkje burtaat dei, men klædde av seg burt­med ei liti vik for seg sjølv. Det var som det fyrr hadde vore: dei brydde seg ikkje um aa halda lag med honom. Og han havde vant seg til det.
 
Han stupte seg uti og friskna til att straks, sumde so utetter viki og gjekk paa land og saag paa dei andre. Han Hans var so svær til aa symja, den sværaste i heile skulen. Han var lenger utpaa enn dei andre. Men der sette han i eit skrik og gjekk under, - kom ikkje uppatt! Jau der saag han lite til honom kor han kava; men upp kom han ikkje. Han skynte det laut vera eitkort gale. Han saag burt paa dei andre; dei var betre til aa symja dei òg enn han, men dei var visst forfjamsa, for dei gjorde ikkje noko. Han laut freista likevel; han bad Gud hjelpa seg og sumde utetter. Han tok svære tak; det gjekk likare enn han sjølv kunde trutt, og der fekk han tak i luggen hans Hans; han hadde sett seg fast i noko. Han sleit i, men der gjekk han sjølv under. Han sansa seg ikkje fyrr han laag paa strandi og han Hans stod frammed honom.
 
Det hadde havt seg so at det hadde vira seg noko langt sjøgras um foten hans Hans, men daa Harald rykte i luggen hans hadde han kome seg laus. Og med eit snøgt tak hadde han faatt Harald med seg og sumt til lands med honom. Soleis vart dei berga baae.
 

Det hender so mangt: Hans Uppstad hev vorte eit anna menneskje. Du skulde ikkje kjenna honom att so snild som han er no. Det er rart aa sjaa dauden for augo. Og so det: at den som hadde berga livet hans det var den som han hadde hata mest og gjort mest vondt. Nei for ein skarv han hadde vore!
 
Det laut fram altsaman no. Jau det var han som hadde øydelagt alle plantarne; hatet hadde faatt honom til det. Han hadde snerta seg upp um dokki med det same han kom att fraa kræmaren. Han hadde ikkje vore lenge um det; han hadde vore so rædd det skulde kome nokon og sét det. Og snaudt ein time etter bar det til fjells med honom; men den timen hadde vore lang. Daa han var paa fjellvegen komen trudde han seg trygg. Men han hadde ikkje havt retteleg fred for det sidan; det laag der og gnog paa honom rett som det var. Han var eit troll tykte han, og det kunde aldri bli folk av honom. Ingen kunde tru honom meir.
 
Men Harald Øvrebø trudde honom. Og no er han og Hans Uppstad dei beste venerne. Naar han Hans hev ei fristund ber det aat ”Heimen” med honom; det namnet hev Harald sett paa eigedomen sin der uppe i dokki. Og der hjelper han trutt til med arbeidet; han vil freista gjera godt att det han hev forbrote og faa ”Heimen” i god stand. Og dei spar, og dei vatnar, og dei reinskar, og um hausten èt dei bringebær ihop og hev det gildt. Gaa upp um der, skal du faa sjaa!
 
Og no er soga slutt. Fann du noko staal var det vel. Og kunde du bruka det var det endaa betre.

 


Frå Smaafolk. Nokre Barnesogor av Stefan Frich. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1908. Side 32-41. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad