Smaafolk

(Dikt, 1908)

Av Stefan Frich

Og storfolk vil no so mange vera.
Aa vinna rikdom og magt og æra
og høgste sessen i livet naa
det er det beste dei veit aa faa.

Men med dei soleis um rangen trættar
og lastar grunnen og sjølv seg mettar
og kaut seg briskar og uppaat kliv,
det vert eit ævelegt tjaak og kiv.

Daa vil eg heller med smaafolk byggja,
med dei som heimen i fred vil tryggja,
hjaa grannar like med huslyd bu
i livd av kjærleik, av bøn og tru.

Den barnesessen i faderheimen,
so logn og god og so trygg for sveimen,
han er vel verd all vaar høgste traa;
han er den beste som me kann naa.

*

Hjaa vesle guten, hjaa vesle gjenta
so god ein lærdom eg tidt hev henta.
Til deg eg sender han atter ut,
du vesle gjente, du vesle gut!

[Innleiing til boka«Smaafolk. Nokre Barnesogor»]