Pluggen og Basken

(Barnesoge, 1908)

Av Stefan Frich

Det var eingong tvo gutar. Rette namni deira veit eg ikkje, men heime vart dei kalla Pluggen og Basken og daa kann me nok kalla dei so me òg. Dei var brør, og Pluggen var eldst, men berre eit aar eldre enn den andre.

Pluggen skreik fælt; han tok til mest straks han var fødd. "Detta bli kar skal du sjaa" sa far hans. Ja ho meinte det same mori med. Og snart vart han so tjukk og lubben so det var eit under aa sjaa. Og han vart ikkje gamal heller fyrr han fekk føterne under seg, og trur du ikkje han var god for aa riva duken av bordet so koppar og tallerkar dansa burtyver golvet, og daa log han endaa til, skøyarfanten. Det var elles ikkje so ofte han log, men skreik gjorde han baade tidt og trutt. Fekk han ikkje viljen sin skreik han so morskt so det lyddest mest som i grisehuset naar dei tek og stappar ein grisunge i sekken. "Han skrik utor, stakkar!" sa mori, "han lyt faa sin vilje." "Lat han berre skrika" sa faren; "det hev han berre godt av; det reinskar lungarne." "Nei enn um han skrik utor!" sa mori, "og so ser du daa det bli ikkje fred aa faa." Og so fekk han det han vilde og endaa ein sukkerbite attpaa; "daa bli han nok snild" sa mor. Og jamen vart han snild òg - til han hadde ete upp sukkerbiten, men daa tok han til aa skrika att til han hadde faatt ein til. Men aat gjorde han, og stor og sterk vart han, rettugt ein plugg til kar.

Basken var liten og veik daa han kom til, og liten og veik vart han sidan òg. Men han var godlynd og skreik ikkje um Pluggen drog av med leikorne hans. Fekk han berre sjaa paa tykte han det var mest likso morosamt som han skulde leikt med dei sjølv. Dei aatte kvar sin trehest, men Pluggen var so stor paa det at han likte ikkje køyra minder han hadde tvibeite, og naar han daa køyrde paa og smatta og brukte svipa og var kar, daa log Basken og saag paa dei andre som han vilde segja: "Er det ikkje moro?" 

Eitt var det som Pluggen var rædd, og det var vatnet. Det var ikkje greidt aa faa lauga han, han slo og spende og klora og skreik verre enn ein villtyrk. Men Basken laag i stampen og log yver heile andlitet og baska med hender og føter og var so spelande glad; det var difor dei kalla honom Basken. Og fyrr han var 8 aar gamal kunde han symja i kapp med fiskom. Men paa landjordi raadde Pluggen, han var mykje større og sterkare han, og heldt seg sjølv fram gjorde han òg støtt, med den andre var stillvoren og spak. 

Ein dag gjætte dei ihop uppe i utmarki. Det var langt heimantil og dei fekk niste med seg for dagen. Det var kokande heitt den dagen, og Pluggen laag i bakken og aat og sette Basken til aa passa kryteri. Det var strævsamt nok; kleggen var leid og dei flaug og var urolege. Det var ei gild ut-eng uppi der og dit vilde dei endeleg, for paa hi sida ut-engi var skogen tettare, og der var ei tjønn og der det kunde vera godt aa koma seg uti og svala seg. Men Basken visste at han far var rædd um ut-engi, og han stræva so sveitten sila. Paa eftasida vart kui rolegare so han kunde gaa upp aat bror sin og faa seg mat, men daa han kom dit hadde Pluggen ete upp mest all nista; berre ein ørliten fleskebite og ein liten brødmole var att. Han var svolten, men han beit det i seg og sa ikkje mykje um det, berre bad Pluggen um han vilde gjæta med han fekk lauga seg i tjønni. Ja det skulde daa Pluggen gjera. - Kor godt det smaka aa faa kjøla seg i det kalde vatnet! Han dukka under og heldt seg nedi der ei lang stund, og han la seg paa ryggen og plaska seg att yver. Men so kom han ihug vass-liljorne paa hi sida som ho mor tykte so godt um og dermed la han til sums og gav seg ikkje fyrr han var yver komen. Jau dei var væne, det var visst, og det var nok av dei. Han tulla dei um halsen paa seg i ein stor krans, og so bar det yver att. Men kva var det han høyrde uppi ut-engi? Var det ikkje kubjølla? No hadde visst Pluggen sovna; han var so fæl til aa sova. Kva vilde han far segja? Han sumde i harde tak, og snart var han framme, fekk paa seg klædi og upp aat engi bar det som ein vind. Jau dei hadde ikkje vunne rafsa aat seg stort enno og ikkje trakka so mykje heller. Men detvar harmelegt at ikkje Pluggen skulde passa betre paa. Han laut upp aat honom straks og segja honom det, endaa han visste han tolde ikkje mykje fyrr han vart sint. Pluggen laag og sov som ein stein, men han fekk daa vekt honom til slutt. Men daa han vart vaken og Basken neiste honom for di han hadde gjætt som ein stakkar, daa voks der upp ein gauk kann du tru. Fyrst so sa han at det var Basken si skuld altsaman av di han hadde vore so lenge burte, og han hadde ikkje lova aa gjæta for honom i all æva, og daa Basken meinte at det hadde vore gale likevel og at han laut daa ha tenkt paa ut-engi og honom far han òg, gauv han paa honom og slo honom i andlitet med knytneven. "Eg skal læra deg kven som er stakkar til aa gjæta eg" sa han, og la honom under seg og dengde honom styggjeleg.

Han var sterk Pluggen, og kunde gjera eitkvart karstykket òg, helst naar vaksne folk saag paa det og han kunde faa ros. Aa køyra var det gildaste han visste, og han var ikkje gamal karen fyrr han var god for aa temja ein hest. Eingong dei skulde køyra ved heim fraa skogen til jol drog han og tenestguten i vegen; dei hadde kvar sin hest. Det var ingi sak uppyver. Han lét tenestguten lessa baae lassi, og so bar det nedyver; Pluggen fyre kann du vita, han vilde ikkje vera attarste den karen. I skogen var det ikkje verst framkjømt, men daa dei kom utor skogen var det stupande bratt nedaat garden og berre haalken. Far hans hadde sagt at naar dei kom frampaa der skulde dei ropa ned aat honom, so vilde han koma og hjelpa dei ned. Men Pluggen ansa ikkje det han, berre køyrde paa. Ut yver verste stupet dreiv hesten paa bakenden, og slik gjekk det kav ned paa garden, men Pluggen heldt i lasset og styrde so det valt ikkje. Tenestguten tykte nok han laut greida seg utan hjelp han òg der ein 13-aars gut kunde fara; men det gjekk verre med honom, det bar rundt med lasset og det var berre sovidt hesten ikkje kom til skade. Paa dette karstykket livde Pluggen i lang tid; dei skrøytte av honom straks, og dei skrøytte av honom sidan naar det kom framandfolk til gards. Og so kunde han lata seg som han best vilde; ein slik kar kunde ha raad til det maa vita.

Dei meinte nok Pluggen var beste karsemnet foreldri, men dei likte best Basken. Han var so viljug og hjelpsam han, gjorde alt dei bad honom, og var blid og nøgd attaat. Det beid ikkje det arbeidet han heldt seg for god til; han bar ved og vatn, han skylde koppar og fat; han hjelpte mor si med aa duka bordet og skjenkja upp naar dei hadde framande tess-meir. Og so gjorde han so vel alt han gjorde anten nokon saag det eller ikkje; hendt var han òg. Dei kunde lita so trygt paa honom, og aldri sa han anna enn det som sant var. Og gløgg var han; paa skulen var han mykje meir til kar enn bror sin. Men so iddest han no aldri lesa paa leksa si Pluggen.

Eingong bar dei til aa tvila for at Basken kanskje var fullt so karsleg òg. Dei heldt paa uppi kalvhagen og hemta jordbær baae tvo, og ho vesle Sigrid fraa grannegarden var med dei. Kryteri gjekk i skogen straks ovanfor, og dei hadde ein olm ukse; Pluggen hadde erta honom upp fraa han var kalv. Ho Sigrid var rædd, men Pluggen hadde lova han skulde verja henne, og so var det so mykje bær uppi der so det raudna burtetter. Dei fann yver 5 liter og det var fælt til moro, og endaa meir var det lenger uppi var det likt til. Men so vart uksen var det raude livet hennar Sigrid, og dermed kom han setjande og var reint vill. Pluggen vart forfæld og skvatt tilsides, men Basken stelte seg midt i vegen for uksen, og daa han kom snøgga han seg og fekk tak i rumpa hans. Uksen baula og flaug, men Basken slepte ikkje tak, og so bar det avstad i krok og i ring. Medan kom ho Sigrid seg undan og yver skigarden. Tilslutt var uksen so klar so han spakna, og Basken kom etter med all bæri. Pluggen var lite skamfull den gongen; men han hadde berre vore meint paa aa finna seg ein paak sa han.

Kva det vart av dei daa dei vart vaksne?

Jau Pluggen vart gardbrukar han som eldst var, men husi og reidskapen hans rotnar ned, og han ligg og latar seg paa sengi, med kona hans lyt turka veden i steikjeromet i kokeomnen; fyrr kann ho ikkje faa kokt kaalen med honom maa vita. Og all loi hans staar ute og rotnar paa stauren, med grannarne hev faatt alt sitt i hus.

Men Basken gjekk tilsjøs han kann du vita, og no sigler han paa si eigi skute millom Lofoten og Nidaros og tener store pengar i sildtidi. Paa Lauvsnes i Flatanger hev han bygt seg eit vænt hus, og der kosar ho seg ho Sigrid kona hans med alle 8 ungarne som er likso snilde som far sin. Men naar han far kjem heim med jegti, daa fyrst bli det moro tilgagns. Vil du ikkje tru det kann du sjaa inn-um.

 

 


Frå Smaafolk. Nokre Barnesogor av Stefan Frich. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1908. Side 3-8. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad