Nokre minne om bonden Per Bø

(Artikkel, 1917)

Av Stefan Frich
 
(1917) 
 
Det var i 1870. Christopher Bruun hadde vori i Kristiania og vekt nye tankar i meg med sine talar i Studentsamfundet, og Bjørnson hadde sungi inn i meg »Den norske student er folkets søn.« Eg hadde gjort upp med meg sjøl at til haustes vilde eg seia filologien farvel; fraa november hadde eg tinga meg rom hjaa Bruun som elev ved folkehøgskulen hans paa Romundgard paa Sel. Fritida mi om somaren vilde eg nytte saa godt eg kunde med aa styrkje baade kropp og sjæl og fyrebu meg til det som koma skulde. Eg fi³r i Jotunheimen og sanka frisk rein luft og friske frie syner, og dei par vikune eg enda hadde att hadde eg etla til samvær med bonden Per Bø i Gausdal. Eg kjente han ikkje, men hadde høyrt gjeti han skulde vera ein god maalmann og ven av folkehøgskulen.
 
Eg drog over Espdalen og kom ned i Svastum. Der spurde eg stornytt som kom reint uventand for meg fjellmannen som hadde livt utafor verda ein heil maanad. Det hadde vorti krig millom Frankrike og Tyskland sa dei, og no kom vi sagt med i krigen vi au; danskane vilde sjølsagt nytte høve til aa faa att Sønderjylland og da laut vi kanskje ut og hjelpe dei vi au; mannskape paa Jørstadmoen hadde alt faatt i seg den otten at dei laut i vegen. Eg kan ikkje seia at eg la dette saa fælt paa meg, men eg stunda da ned i dalen saa eg kunde faa sjaa blad og faa betre greie. Og fort gjekk det; eg hadde vorti spræk i leggjom i fjelle. Og snart var eg i Foldbu. Og krigen hadde ikkje naatt korkje Danmark eller oss, men han var da der han var.
 
Eg hadde tenkt eg skulde faatt leigt meg rom paa Bø om det høvde saa til. Men da eg fekk sjaa den store garden og vart synt inn i »den bonede hall«, - ei storstugu som eg aldri hadde sét maken til - og raakte sjølvefolke, saa saag eg straks at dette var ikkje eit bondehus etter mine begrep der dei straks vilde staa reie med hatten i hand for ein akademikar og sjaa det som ei stor ære og ei vinning attpaa aa gje honom hus og mat for nokre slantar. Saa spurde eg dei berre til raads, og det vart til di at eg tinga meg rom paa grannegarden Aulstad som da var skyss-stasjon. Men det var ikkje lang stubben unda, og eg skulde vera velkomen paa Bø saa tidt eg vilde.
 
Eg budde paa Aulstad og skulde liksom venja meg litt paa bondelive no, og da laut eg mest for skam skuld ikkje berre liggje og lata meg i stridaste høyonna. Men dei saag eg var uøvd, og enda saa billege dei var paa kosten saa kvidde dei seg sagt for aa nytte ut ein slik kar og la han sveitte for mykje. Og da karen vart kjent med honom Per Bø og husvarm der, saa hefta han nok heller honom burt fraa arbeide enn gjorde noko sjøl. For han raakte ein levande maalmann som med all sin hug var midt uppi maalreisingsarbeide. Ein vaksen mann full av idear og planar, og med ein eldhug som sprengde paa.
 
Var dette ein norsk bonde? Han var da saa visst ikkje av dei tunge og seige og seine som »folkets søn«  skulde vekkje. Kor mykje eller lite eg skynte av det han fòr [sic] med og la ut for meg om i dei dagom minnest eg ikkje no. Eg var berre stugulærd og framand for det praktiske live, og mest av alt framand for bondeliv og bondetankar, som eg kanskje helst trudde ikkje fanst utan for hestar og kyr og det daglege arbeide, - aa jau, litt for politik òg; det var da i Jaabækstida dette. Han var varm fridomsmann og sterkt teken baade av Johan Sverdrup og Bjørnson; han hadde vaken sans for poesi òg. Han var kjent med Aasen og Sars og Vinje og mange andre av dei fremste norskmaalsmenn, og maalrørsla hadde teki han meir enn alt anna. Han var kunnug i den gamle soga vaar og hadde lært seg til aa lesa gamalnorsk og tyde gamle skøyter. Trass eg hadde gaatt den store lærdomsvegen kjente eg meg lite som overmann paa nokon stad. Og han sat paa si bondetuve trygg, med si sterke ættekjensle og sitt trauste faste bondemaal.
 
Det var eit samvær som vekte gode voner i meg for Noregs framtid.
 
* * *
 
Vinteren 1870-71 var eg paa folkehøgskulen paa Sel. Eg livde live uppatt, - eit nytt liv som eg laut lære fraa grunnen. Eg likte meg, og eg kjente eg nok kunde gro saman med folke eg òg. Og hovdingen vaar gjekk fyre og synte leida. Det vart siste vinteren skulen heldt til der nord i dalen; hausten etter flytte han til Gausdal. Det var Per Bø som fekk han dit; han hadde stritt lenge for det og gav seg ikkje før det vart. Paa garden Fykse i hovudsokne - omkring ei mil fraa Bø - fekk han leigt ein stor bygning til skulen, og der heldt han da til i tvo aar. Sia flytte han til Foldbu og var ein vinter paa Aulstad og ein paa Bø, til Vonheimshuse var ferdugt og han fekk sitt eige faste rom.
 
Eg hadde vorti knytt til skulen med faste sjæleband og var med fyrste vinteren i Gausdal òg. Det var ei rik tid, rik paa store og ljose minne, i glede om òg i hard strid for det nye som skulde fram. Sia laut eg ut og tene for føda eit par aar og var saa nokre maanader i Danmark for aa bu meg til mi eigi livsgjerning: ein liten barnefilial (»friskule«) av folkehøgskulen som eg tok til med her i Faaberg hausten 1874. Men i all denne tida og i mange aar etter saag eg paa Gausdals-skulen som min rette heim, og dit laut eg rett som det var for aa sanke ny næring og kraft og livsmod.
 
Men det var om Per Bø eg skulde skrive og eg skal da freiste halde meg til honom. Hans liv var elles saa sterkt knytt til folkehøgskulen det og, saa det gjekk mykje i eitt. Og det vi hadde saman det var mesta skulen det galdt. I alle dei aara han livde. Det var ikkje mange; han døydde alt i 1878, berre 48 aar gamal.
 
Fyrst da litt om det han gjorde for skulen. Han var bindeleden millom den og bygda, og til honom gjekk dei for aa søkje raad i praktiske spursmaal. Der fekk dei òg mykje visst kva folk i bygda tenkte og sa om skulen. Han var den opne mannen som tala beint ut og som dei trygt kunde lite paa, og han var for stortenkt til aa agte paa smaatull og drøs. Og der han sjøl hadde andre meiningar enn dei sa han det fritt ut. Men aat bygdefolke var han den varme talsmannen for skulens sak og stridde trutt mot den materialistiske og den pietistiske tankegangen som da raadde der. Huse hans stod støtt ope for gjester og vart som ein fast samlingsstad for alle vener av skulen; det var mest ingi grense for gjestmildskapen og det gjekk nok ofte hardt utover baade honom og kona hans og det store gardsarbeide. Ein vinter gav han som sagt heile skulen hus der paa garden. Og saa til slutt kan vi vel seia det var han som bygde Vonheim; han gav fritt timmer, og det var vel han som stod for heile byggjinga òg.
 
Alt meda folkehøgskulen var paa Fykse var Per Bø jamt der uppe og høyrde paa fyredraga, og serleg da Bruuns. Og det gjekk nok med honom som med meg: dei gav honom eit nytt syn paa live med ei friskare og ljosare gudstru. Og det som her var vekt baade i honom og kona hans, det fekk dei baae styrkt paa ei ferd til Danmark nokre aar etter. Det sette djupe merke i huslive deira og la baade solskin og fred over det. Og songen tona frisk og sterk og glad baade hjaa dei og i føderaadshuse der den gamle staute mor hans og den store gilde systkenflokken hans raadde. Det var høgskuleluft av beste slag.
 
Der stod ikkje liten glans av Vonheimsskulen i dei fyrste aarom, og mange av oss - ikkje minst Per Bø - gjekk med fagre draumar og voner om han som samlingspunkt for det sterkaste og beste aandslive i lande. Det Askov heldt paa aa bli for Danmark, det skulde Vonheim bli for Noreg, - ja kanskje mykje meir. For i Danmark hadde dei saa mange gode midtpunkt for det nye aandslive; her var det mest berre Sagatun og Vonheim, og Sagatun hadde saa lite auge for aa faa løyst det sermerkt norske (t. e. tunga) og kunde vel ikkje mæle seg med Vonheim i aandskraft elles heller. Og kva var Heidmarka mot Gudbrandsdalen, - dalen over alle dalar? Det bar alt til aa syne seg livsteikn millom dei trauste dølom, enda saa tunge dei var i sessen og saa lite vakne.
 
* * *
 
Dei hadde havt huslærar paa Bø saa han hadde faatt meir skulekunnskap enn den i »almueskolen«, - »nødhjelpen for bondeynglinge« som han brukte kalle det for spøk, men med det aalvore attom som jamt karakterisera spøke hans. Men det meste av dei kunnskapom han sat inne med hadde han nok lært seg sjøl sia, etter hand som han trong dei. Og det var ikkje lite; for hugen hans »fi³r vida« og han var baade evnerik og lærenæm. Han hadde nok havt ei rid han òg, da han saag upp aat embetsmennom som mynster for alt stort og gjævt i lande og knota etter dei best han vann, men den ættstolte bonden i honom var for sterk, saa det baud honom imot og han kasta det snøgt fraa seg. Han hadde hovdingblod i seg, - hadde sine røter langt atti tida med vide ættgreiner. Elsken til garden og bygda var sterk i honom, men han var ikkje »dumstolt«; han visste at »adelskap forpligter« og at bøndene kunde ikkje ta førarskapen i lande før dei vart aandsmogne til det. Paa sin eigen grunn laut dei reise seg; difor vart da òg maalsaka saa stor ei sak for honnom, - saa stor at ho rokk over alle andre. Men det var ikkje for si eigi magts skuld dei skulde reise seg; det var for folk og land. Folkehøgskulen vida ut syne hans baade for menneskjeliv og folkeliv, og fridomslengslene hans fekk fart gjenom menn som Sverdrup og Bjørnson og Sars. Han hadde knapt noko revolusjonært drag i seg, og naar han rekna seg som republikanar var det nok meir som eit framtidssyn enn som praktisk politik. Eller kanskje rettare: han heldt paa det jamne folkestyre og meinte politiken kunde fyrebu det og utvikle det og saa kom nok republiken eingong av seg sjøl. Og naar Christopher Bruun skulda Johan Sverdrup for uærlegheit fordi han ikkje som Jaabæk beint fram sa seg aa vera republikanar, varde han honom mot det.
 
Bjørnson var i dei tider grundtvigianar og skandinav og varm ven av folkehøgskulom. Alt fyrste vinteren skulen var paa Fykse kom han paa vitjing dit, og Per Bø fekk han òg til aa halde politisk fyredrag paa eit anna stelle i bygda. Han venta seg mykje av aa faa knytt Bjørnson næmare til skulen, og eit par aar etter fekk han han til aa kjøpe Aulstad; dermed vart han granne til den nye skulestaden i Vonheim og til Per Bø sjøl. Bruun skynte nok det var mykje som skilde millom honom og Bjørnson, men vona det skulde jamne seg naar han kom midt upp i bondelive og  skulelive og at det skulde bli til gagn for dei baae og til vokster for skulen. Og Kristofer Janson som da var medlæraren hans var uppglødd for tanken: Men det drygde lenge før Bjørnson kom; han var paa ei lang utanlandsferd (denna gongen for det meste i Tyskland), og da han saa endeleg kom hadde han i mangt skift meiningar som drog heller fraa enn til. Han saag paa Tyskland og »pangermanismen« med andre augo enn før, og det hadde nok komi meir upp i honom av slikt som skygde for kristendomen og den vegen som gjekk gjenom sjølnekting og forsaking. Og naar han da møtte detta saa sterkt som her, kjente han seg fraastøytt, - meir og meir, til han til slutt braut med den kristentrua som kanskje i grunnen alt før var undergravi, og enden vart at Christopher Bruun og han kom til aa staa som stridande magter. Per Bø heldt vona uppe i det lengste, men her var ikkje rom for mækling; det galdt det dyraste han visste og da var han ikkje i tvil om vale. Men det vart ei tung tid baade for skulen og honom og oss andre.
 
* * *
 
Der var i dei tider tvo menn i Gausdal som bygda sette stor lit til og nok ikkje var saa lite stolt av heller, for dei var baae saa høgt vyrde saa dei vart valt som stortingsmenn for amte fleire gonger, snart den eine og snart den andre. Det var John Waalen og Christian Fougner. Dei var da sjølsagt sers dygtuge kommunemenn og løyste av einannan som ordførar i bygda òg. Dei var baae gode gudbrandsdalsbønder; Waalen var sterkt konservativ, Fougner med meir syn for framsteg og vart rekna for vinstremann enda han knapt var mykje teken av dei nye fridomstankom han heller og i alle fall var for klok og vi r til aa stelle seg i fremste' rad. Ikkje hadde det gaatt noko sterkt fridomspust over bygda heller, og da var det ikkje anna ventand enn at ho laut sjaa paa ein mann som Per Bø som noko av ein »fjaaskopp«. Han var saa mykje annleis enn dei vanlege dølane òg, baade i lag og lynde. Han var eldfull og knipsa i fingrom naar han vart forhuga; han spurde lite etter kva folk meinte om han, og bar seg ikkje saa vyrdeleg som ein rett døl skulde. Han var ikkje roleg nok, og han hadde saa mange idéar som han ikkje var god for aa setja i verk, - tok kanskje ofte til med noko som han slepte ifraa seg att naar noko anna kom og meldte seg. Visst saag dei han var glad i si bygd og at han hadde evner til aa gjera gagnsverk òg; han hjelpte dei til aa faa ny veg (chaussé) utover til Skinnstakrud i Faaberg og dermed radt til bys, og som formann i almenningsstyre ruska han upp i mangt. Men saa var det detta maalstræve hans som skulde frami allestadene, og folkehøgskulen saag heller ikkje ut til aa bli det som folk fyrst og fremst vilde ha han for: ein skule til materielt og praktisk gagn. Og det store gardsbruke magta han heller ikkje drive fram som det skulde; han hadde for mange »idéar« her òg tykte folk, og det vart ikkje noko heilt av dei, og saa var det saa mangt anna som hefta han burt fraa det.
 
Men Per Bø gav seg ikkje for det. Han hadde ei uriggeleg tru paa det som skulde koma, og motgangen beit ikkje paa han. Han fekk til store folkemøte paa Litlehamar med fyredrag og ordskifte; talarar som Sverdrup og L. K. Daa omframt Bjørnson og folkehøgskulelærarane; sjøl tala han ein gong om røysteretten. Ei stor høgskulestemne med Ludvig Schrøder og mange av dei fremste grundtvigsprestar og folkehøgskulemenn fraa Danmark var nok òg for ein stor del hans verk; det var som ei heil skreid, men dei fann hjerterom og husrom baade i Faaberg og Gausdal. Det var aandsmagta det kom an paa; i tru og kjærleik skulde nytt liv vekkjest og gro. Og saa  kom nok tida for den kjære Gausdalsbygda hans òg; henne hadde han aldri utor tankom. Si eigi ære tenkte han knapt stort paa. Der var nok some som tykte han borde koma paa stortinge, men diplomat var han minst av alt, og »sno sig« for sjøl aa koma fram kunde han slett ikkje. Kan hende han hadde komi der likevel om han hadde livt nokre aar til, da Bjørnson og Thorstein Lunde fekk gjort ei snuning i stortingsvale for amte. Men han var vel ikkje etter Bjørnsons kokebok heller, og om han vilde ha havt paa stortinge er ikkje godt aa seia. Han hadde »opgangsblikket«, men vilde kanskje ikkje høvt saa godt for aa finne seg til rette paa politikvegane.
 
Og det var kanskje noko profetisk sant i det Bjørnson sa i songen sin ved likbaara hans:
 
»Engang, engang hele dalen

skinne maa som denne ene:

engang, engang al hans tro

imod solen dugsprængt gro,

og det altfor tidlig drømte

vække ham til forgangsmann

for en slægt saa tro som han« -
 
- at det just er tru som vantar denne gilde dalen og at før trua faar »mod solen dugsprængt gro«, før vil heller ikkje Gudbrandsdalen kunne sjaa Per Bø som den fyregangsmannen han var skapt til aa vera. Men med den trua ser det myrkt ut; kritiken og mistrua mot alle ideelle magter er knapt mindre i denne tid enn i hans, - heller verre og enda meire kjepphøg. Likevel vil vi og skal vi ikkje sleppe ho.
 
* * *
 
Maalsaka var for Per Bø den store saka som liksom femnde alt anna: livaa'ra i oss som norske menneskjer. Ho hekk for honom ihop med alt sunt, naturlegt, sant norskt menneskjeliv og folkeliv. Og naar Ingvar Bøhn paa den minnesteinen som sia vart reist etter honom paa Vonheim rita desse orda:
 

»For modersmaalet

som mann han slo;

for ljos som kunde

med livet gro.

For fridom funnen

paa fremste vakt,

av kjærleik bunden

og Kristi magt«
 
saa er det ikkje berre eit tilfelle at det just er morsmaale som blir nemnt fyrst, - faar fyrste rome i livsverke hans. Gjenom morsmaale laut det koma det ljose som kunde med live gro, - morsmaale var den smelteomnen som alt laut gaa gjenom om det fullt og sant skulde bli vaar eigedom og ikkje berre fraser: religion, fedreland, fridom, sjølstende, nasjonalitet.
 
Sjøl hadde han freista kva det hadde paa seg aa knote, og fraa den dagen han kjente det som uekte slutta han. Han vart glad i Danmark og danskane; hjaa dei lærde han just i fullt maal aa sjaa kva morsmaale har aa seia for eit folk, og den »glade kristendom« som han fann der nede og som gav honom saa mykje godt laut smeltast om paa hans eige maal for aa bli livseigedom for honom som for alle norsktalande nordmenn.
 
Han la stort arbeid paa aa setja seg godt inn i »landsmaale« og nytte det i alt han fekk med aa gjera. Men han gløymde aldri at for honom var det fyrst og fremst gausdalsmaale som var landsmaale hans; i dagleg tale brukte han aldri anna, og naar han elles i skrift og tale fekk bruk for eit normalisert landsmaal freista han støtt leggje det saa nært innaat talemaale sitt som raad var. Han var kritisk og vi r for det som ikkje var ekte, - det som var etter-aping og ikkje hadde gaatt folk i blode. Noko vidare til talar vart han ikkje; han var kanskje for nervøs og uroleg til det. Han las mykje baade gamalnorsk og nynorsk og freista gaa saa langt til botnen i Ivar Aasens arbeid som han kunde. Han hadde skaffa seg den islandske bibelen, og av den lærde han mykje til forming av maale sitt til gudelegt bruk. I alle dei aar eg kjente han skreiv han knapt noko paa »danskemaale«. Som formann i almenningsstyre i Gausdal skreiv han alt paa landsmaale; det var lange og drjuge innlegg og ei sak som hadde sers mykje aa seia for bygda. Han fekk dei attende sendt fleire gonger baade fraa amtmann og departement med krav om aa faa dei skrivne paa statens lovlege maal, men han gav seg ikkje og sendte dei innatt paa nytt, og til slutt laut dei ta det for godt likevel og setja seg inn i saka, og da svare endeleg kom synte det seg nok dei hadde skynt det. Han var svært ihuga for alt arbeid for aa nytte det norske maale til offentlegt og praktisk bruk, og her òg var han full av planar og idéar. Det var livskrava han spurde etter, og om han aldri gav tapt for vanskar saa vilde han ikkje gaa framom dei heller. - Han var sterkt interessert for skulen, ogsaa for barneskulen. Johannes Skar tok til med ein friskule tett frammed honom, og sia da han sjøl og Bruun og Janson fekk saa store born saa dei laut ha skule fekk dei ein ny friskule for dei. Men dei vanta skulebøker paa norsk maal mest over heile lina, og dei som var høvde ikkje heller saa godt som dei skulde; maale var for stivt, kanskje for lite barnslegt òg. Han kom paa den tanken aa faa landsmaale skifta ut i »maalgrupper« til skulebruk for dei ymse landsstrok, - ikkje svært mange, men likevel saa mange saa t. eks. Gudbrandsdalen og flatbygdene sunnafor vart skilde. Mest av alt var det ABC'ane om aa gjera meinte han. Han var den fyrste eg veit som kom fram med denne tanken som no Koht og andre held saa sterkt fram *). Men vi andre rista paa hovude og eg veit ikkje om han fekk nokon med seg. I 1890 - 12 aar etter Per Bø døydde - kom ein lærar fraa Torpen, Hans Sveen, med ei ABC paa landingsmaal og eg held det ikkje utrulegt at det var fraa Per Bø han hadde faatt tanken, om òg kanskje omveges.
 
*) Olaus Fjørtoft var ogsaa inne paa noko slikt, kanskje mest liksaa tidleg.
 
Som maalmann hadde han aarane sine ute alle stader og der var mest ikkje nokon av dei fremste maalmenn i dei tider som han ikkje stod i samband med paa eikor vis. Mange kom aat honom, mange leita han upp, skriftleg eller muntleg. Heimen hans var som ein møtestad for alt maalfolke og for det maalarbeide som da var i gjerdom. Helst naar det kunde sameinest med folkehøgskulen og folkehøgskulelivet.
 
* * *
 
Per Bø vart ikkje gamal. Og live hans fekk ein tragisk ende vil folk seia som mæler det med ein vanleg menneskjeleg og ikkje ein kristeleg mælestav.
 
Det var om vinteren han var ute i Faaberg og køyrde og kom i skade for aa slaa hovude sitt mot ein stabbestein. Det var ikkje likt til det skulde vera saa farleg ein støyt og han ansa nok ikkje saa mykje paa det, - fekk sleden uppatt og kom væl heim. Eg som budde nær frammed den staden det hadde gaatt for seg fekk ikkje eingong spurt det. Eg var nok i lag med honom nokre gonger den vinteren og, men skynte ikkje det var noko som vanta. Sjøl skulde han nok ha kjent det var noko som var gale med hovude, og dei som jamnan var om han saag nok han ikkje var ved slik magt som elles og ikkje hadde slik greie og hugs paa det som skulde gjerast som han pla ha, men naar han ikkje vyrde det større sjøl tenkte dei vel ikkje det hadde saa mykje paa seg, og saa vart det ikkje gjort noko med det. Og saa kom tragedien.
 
Det var tidleg om vaaren; snøen hadde gaatt taa etter allmannvegen saa folk køyrde med hjuldoning, men i gutur og smaavegar var føre fælt. Per Bø hadde vori paa Litlehamar; han skulde heim att om kvelden og køyrde aaleine i karjolen sin. Hesten var gamal i garden og væl kjend med vegen, men da dei kom til Skinnstakrud svinga dei ikkje ned paa Gausdalsvegen, men dreiv paa nordetter mot Øyer. Folk som hadde møtt dei tykte køyraren saag noko rar og viljelaus ut, og dei som ikkje kjente han trudde han var full. Og full mann tykkjer ingen synd i; honom bryr dei seg ikkje med aa hjelpe og han plar da ikkje vilja ha nokor hjelp heller *). Men han som sat der lyt ha faatt eit hjerneslag, - ikkje sterkt nok til aa felle han, men altid saa sterkt saa det tok fraa honom magta til aa styre rett kos. Venteleg har han havt eit krampetak i høgre taumen saa hesten ikkje fekk gaa der han vilde, elles hadde nok han funni vegen heim. Det bar heile Øyer nordigjenom og langt nordi Ringbu; heile natta gjekk med. Paa morgosida var han komen upp fraa hovudvegen og kava seg fram over laake vegar og burtpaa gjorde, ja same stader reint burt i u-lende; til slutt hadde nokon møtt honom og sett han paa veg saa han kom ned til skyss-stasjonen Skjeggestad (5 mil fraa Litlehamar). Der kjente dei han og hjelpte honom inn; dei skynte det var gale og fekk bod etter dokter, og kona hans vart òg bodsendt.
 
*) Per Bø drakk aldri.
 
Det tok meg svært da eg fekk spurt det, saa eg fekk ikkje ro paa meg; eg laut nordover straks og sjaa koss han hadde det, - om eg kunde raake han i live. Han laag med isomslag om tunnvangane og haadde seg nok, men ikkje mykje. Eg var der ein dag og saavidt eg minnest eit par nætter, men eg kunde ikkje vera til nokor hjelp og laut heimatt til skulen min. Og det saag ikkje verst ut; han kom til meir samling og det var von han skulde staa det. Og han hadde kona og systken om seg.
 
Han laag der ei lang tid, og det barst til liv; han kom til full sans og samling att. Han kunde vedkjenne si tru og beda sitt fadervaar med dei av sine kjære han hadde omkring seg og enno lye paa dei ljose salmane han elska. Kristofer Janson fortel i den skildring han gav av honom i »Lauvduskar IV« (1881), at ein av dei siste dagom han livde song dei for honom »Den signede dag«, og da dei kom til siste verse sette han sjøl i med: » Saa reise vi til vort fedreland«. Han var ferdug til si siste reise. Der kom eit nytt slag, og det vart dauen. Ei stundande menneskjesjæl hadde faatt si utløysing.
 
Like vart ført heimatt og derifraa lagt i grav paa Foldbu kyrkjegard.
 
Det er underlegt aa tenkje attende paa dette. Om det saa er det mest meningslause - det har si meining. Og denne lange ferda nordgjenom dalen i natt og myrker talar eit underlegt spraak: ei sjæl som av usynlege magter blir dregi nordover og nordover, som vilde ho paa si siste ferd femne heile denne dalen. Det vi gjer uvitande kan ofte vera det sannaste og mest sermerkte. Per Bøs siste ferd er som eit band knytt millom hans aand og denne dalen, som - for aa bruke Bjørnsons ord - »engang, engang skinne maa som denne ene« og som nok eingong vil kjennest ved han som ein god »forgangsmann«.
 
[Fotnotane er i denne versjonen plasserte etter dei aktuelle avsnitta.]
 

Frå Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1922. Side 96-110. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad