Den beste vegen

(Omsetjing, 1922)

Av Zach. Topelius; fritt omsett av Stefan Frich

Det var eingong ei kjerring som levde av aa gjera kvist-tugur, og ho hadde tvo born, ein gut som heitte Tull og ei gjente som heitte Tulla. Ein dag hadde kjerringa tent seg 20 øyre, og saa sa ho aat bornom: ”Her er tvo tiøyringar; gakk til byen og kjøp brød!”
       Borna hadde aldri vori i byen før, og saa spurde dei kva for ein veg dei skulde gaa. ”Det er ingi sak” sa kjerringa; ”fyrst gaar de etter store aalmannvegen, og naar de kjem aat bakken med einekjørrom, da klyv vegen seg i tvo. Da lyt de halde dykk aat den beste”.
       No tykte borna dei hadde faatt god greie, og saa gjekk dei avstad med tiøyringom sine, lystuge og glade [.] Aa, kor det skulde bli moro aa koma til byen ein gong!
       Da dei kom aat bakken med einekjørrom, saag dei tvo vegar framfyre seg. Da tok dei til aa tenkje seg om kva for ein veg kunde vera den beste. Men dei tykte dei saag like gode ut baae, og saa vart dei staa-and der og visste ikkje raad.
       Da sat det ein raustjert uppi bjørka ved vegen til høgre og song: ”Turt brød, turt brød, kvirrevitt!” Men ei kraake sat millom einekjørrom ved vegen til vinstre og skreik: ”Kringler og peparkaker, kringler og peparkaker, kra - kra!”
       ”Høyr Tull!” sa Tulla; ”raustjerten syng: ”Turt brød, turt brød!” Det er best vi gaar dit, saa faar vi det vi skal ha!”
       ”Nei,” sa Tull; ”kraaka lovar oss kringler og peparkaker. Den vegen lyt da vere den beste.”
       Og saa kunde dei ikkje bli forlikt om detta, og enden vart at dei tok kvar sin tiøyring og gjekk kvar sin veg.
       Men alle vegar ber aat Rom, seier eit gamalt ord, og baae vegane bar aat byen. Da Tull hadde gaatt ei stund, kom han aat den eine byporten, og der sat det ei madam attmed eit bord og skreik: ”Tvo fyre ein øyre, tvo fyre ein øyre!”
       ”Kva er det for slag?” tenkte Tull og gjekk burtaat borde hennar. Men da kan du tru at auga hans vart store; for borde var stappande fullt med peparkaker og smaakringler.
       ”Faar eg tvo kringler for ein øyre?” spurde Tull.
       ”Ja” sa madama, ”og peparkakene kostar tvo øyre, men du skal faa dei for ein.”
       ”Aa - saa billegt!” tenkte Tull med seg sjøl. ”Kor ho mor skal bli glad naar ho faar saa mykje godt for saa godt kjøp!” Og saa kjøpte han kringler for det halve av pengom sine - kor mange fekk han? - og for det andre halve kjøpte han peparkaker - kor mange fekk han?
       Saa gjekk han Tull inn i byen og vilde sjaa seg om, og der fekk han sjaa mykje rart. Der var høge hus, og fine frøkner med lange kjolar som sopte gata, og massingspeglar i krambuglasom. Massingstas! det var mat for Mons. Han Tull glaamde og glaamde til han vart svolten.
       ”Eg kan no vel eta ei kringle naar dei er saa billege” tenkte han; ”men berre ei einaste ei!” Og saa aat han ei kringle.
       Om ei liti stund var han svolten att, og no hadde han faatt meirsmaken. ”Eg kan no vel smaka paa ei peparkake og; madama slo taa” tenkte han; ”men berre ei einaste ei!” Og saa aat han ei peparkake.
       Til meir han aat, til meir svolten vart han. Og ned gjekk ei kringle til og ei peparkake til. Men berre ei. Og saa laut Tull tenkje paa aa koma seg heimatt, for det leid mot kvelden.
       Tull gjekk med langsamelege steg, for han var baade trøytt og svolten. Og saa gjekk den eine kringla og peparkaka etter den andre sama vegen ned i den vesle magen hans; men berre ei om senn. For kvar gong han mumsa, tenkte han: ”Berre ei einaste ei!”
       Til sist hadde han att berre ei kringle og ei peparkake i lomma si. ”Ja, no er det berre ei,” tenkte han; ”ho røkk ikkje langt til kveldverd aat oss alle.” Og saa aat han den siste.
       Tull kom heim, og der sat mor hans og ho Tulla saa fornøgde og aat kveldsverden sin av brøde som Tulla hadde kjøpt. For Tulla ho hadde komi aat den andre byporten og hadde straks utretta ærende sitt i bakarbua.
       ”Naa, Tull!” sa kjerringa; ”kor har du brøde?”
       Tull stod og drog i huva si saa ho vart firkanta; tok saa til aa fortelja om alt det gilde han hadde sét i byen: om dei store husa - og dei fine frøknene - og massingspeglane som hekk i krambuglasom.
       ”Men - kor har du brøde ditt?” spurde kjerringa.
       Tull gjorde huva trikanta istadenfor firkanta, og skildra madama som sat attmed borde sitt ved byporten, og kor utruleg billeg ho var paa sakom sine.
       ”Ja, men kor har du brøde ditt?” spurde kjerringa for tridje gongen.
       No laut Tull fram med sanninga, og det verste var at han enda var saa svolten som ein skrubb om julemorgonen.
       ”Set deg til bords!” sa kjerringa.
       Tull gjorde huva rund att og sette seg til aa eta. Det var rart, - han skulde ikkje trutt det, men sant var det: det turre brøde smaka betre enn baade kringler og peparkaker.
       ”Naa,” sa kjerringa, ”kan du no seia meg hokken veg var den beste: den som gjekk etter si eigi lyst eller den som gjekk etter aa lyde mor?”
       ”Aa, - lyde mor!” sa Tull.
       ”Kom ihug det!” sa kjerringa.
       Og Tulla tok fint av borde og reidde upp senga. Og Tull og Tulla la seg til aa sova attmed mor si.
 

 


Frå Topeliussogur etter Zach. Topelius ”Læsning for barn”. Fritt omsette av Stefan Frich. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1922. Side 7-10. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad