Dølann er det som raar

(Artikkel, 1914)

Av Stefan Frich

(1914).

»Kva er meininga med dette?« spør »Ein ikkje-døl»*). ­Og vi andre - skal vi ikkje ha noko aa seia  vi? Ja han spurde ikkje om dette, men det var vel tanken.

For det fyrste faar vi koma i hug at det er ein døl - folldølen Ivar Mortensson - som har dikta visa, og han kallar henne sjøl »Dølavisa«. Det er ein upp­song for dølom, - for fjellbonden. Han seier ikkje noko om dei andre bønder, - korkje flatlandsbønder paa Austlande eller fjordbønder paa Vestlande eller trøn­derar eller nordlendingar eller sørlendingar. Det er fjell­dalane han tenkjer paa og den uppgaava dei har aa løyse i det norske maalreisningsarbeide.

»Flaumen gaar,

i Norig er vaar,

bjørka sprett i dalom.

Dølakar traust og hard

rydjer fedragard.

Sjaa kor det losnar i alle lidom,

skrida fer etter bergesidom.

Flaumen gaar,

i Norig er vaar,

og dølann er det som raar.«
 

Som vaaren kjem i dei norske fjelldalom, sterk og strid under sin livsens leik, men og straalande solskins­fager, mjuk og mild og med fuglesong og blomar, ­slik skal det norske maale brøyte sin veg fraa dalom og utover, til somaren kjem og det kan staa der i all sin glans forutan »lurvehetta«. Ja dei har saa mykje aa seia og bera med seg i denne sak desse fjelldølann saa diktaren let dei gjera Harald haarfagres samlings­verk andre gongen:

»Haralds verk

fjellbonde sterk

gjer no andre gongen.«
 

Det er ein makalaus song tykkjer eg, - ein her­leg song! Med dei sterke fargerike naturbiletom, med dei fine overgangom, ordmusiken, - allermest med si megtuge folkevekkjartale.

Har diktaren teki munnen for full? Eller feller han ein rangvis og urett dom over alt anna norsk maal i Noreg - flatbygdemaal, folkemaal i bygd og by? Skal ikkje dei vera med? Eller har ikkje dei liksaa stor ei uppgaave der det gjeld nyreisinga av det norske maale?

* * *

Lat oss tenkje oss om og sjaa etter dei vegar danskemaale tok da det trengde seg inn i lande vaart! Fyrst var det da dei øvre lag i samfunde, embætsmenn og alle dei som hadde med riksens stell aa gjera. Saa byane og forretningslive, og fyrst og fremst dei byane som laag Danmark næmst, dei paa Austlande og Sør­lande. Men saa kom og turen til dei landdistrikt som fekk mest med desse byom aa gjera, stroke omkring Kristianiafjorden og bygdene innafor o. s. v. Men fjell­bygdene naadde dei ikkje aa faa stort tak i. Difor heldt det norske maale seg best der; ikkje eingong i vest­landsfjordom er det reinare og betre.

var i som har gjort oss meir kjent med det ser nok og veit at folkemaale utover flatbygdene (ja i byom med) har haldi seg utruleg godt og berga det meste av den norske karakteren sin. Men det er desverre veikt og ustøtt; folke sjøl gaar der med tvil paa sitt eige, trur kanskje halvt det er eit slags »riksmaal« dei talar, - at dei helst har heime i den norske dansken, ­- og gaar og tappar sitt norske blod med aa lempe seg etter honom. Her trengst faste viljar og ei sterkare norsk tru.
 

Er det da ikkje det eine rette og naturlege at alle vi som vil ha attreist det norske maale - baade her paa Austlande og andre stader i lande - ser upp aat den norske fjellbonden og ventar seg noko stort av honom i denne sak? Han som sjøl sit med dei største rikdomar, han har og mest aa gje oss andre. Og han har saa mykje lettare for aa hjelpe her fordi han staar der saapass uskadd, - fordi det danske har gaatt ho­nom mindre i blode enn oss andre. Lat han berre koma slik han er, baade med hardver og fjellsol, baade strid og mjuk, med sitt klingande mæle - og det skal gro etter det over alt lande! Ingen av oss skal mis­unne honom æra saasant han her gjer det store gagns­verke som ligg for honom som for ingen annan.

 
 

»Lad nordenvinden gaa landet om,

og blæse heden det falske skum! «
 
sang Ole Vig. Han tenkte kanskje ikkje større paa det norske maale enda, men vi kan gjera det.
 

Skal da dei andre berre vente paa fjellbonden og gje seg honom i vald? Aa nei, saa gale er det no ikkje med oss. Eg ser ikkje anna enn at han er drjugt sømnug av seg den karen og sein i vendingom, saa det er ikkje godt aa lite paa naar han kjem. Og me’a faar vi andre kara oss fram saa godt vi kan. Saa reint hjelpelause er vi ikkje heller; mykje har vi berga og meir kan vi berge naar vi berre vil. Og kjem ikkje fjellbonden med flaumen sin er det nok ille for oss, men enda verre for honom sjøl.

*) I »Bonden«.  

 


Frå Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1922. Side 67-70. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad