Blixsalmane og dei norske kyrkjene

(Artikkel, 1917)

Av Stefan Frich
(1917). 
 

l.

Gjenom strid og trengsl har Blixsalmane etter hand vunni seg eit rom i mange norske kyrkjer. Det har sigi litt jamnare paa i dette aare, men enno er det knapt stort over tridjeparten av landskjyrkom som har teki dei, og av bykyrkjom berre 4. Enda dei no i mange aar har stadi i kvart eksemplar av Landstads salme­bok, den salmeboka som blir brukt i mest alle Noregs kyrkjer.

Dei staar i kyrkjesalmeboka, men folk har ikkje lov til aa syngje dei i dei vigde kyrkjom. lkkje utan kyrkjelyden har godteki dei ved serskild røysting. Og saa lite er dei paa-agta, at i dei fleste kyrkjom har det anten ikkje eingong vorti spurt etter dei, eller og har dei vorti vraka; folk har ikkje vilja høyre dei sungne, enda mindre vera med paa aa syngje dei.

Det er ei samling paa 150 salmar av ein norsk salmediktar. Landstad sjøl har ikkje dikta braatt saa mange, og dei som skyner seg best paa salmedikting vil visst helst ljote medgje at han enda mindre naar honom i rang. Omframt desse tvo kan vi mest seia at Noreg ingen salmediktarar har havt i framfarne tider; dei faa salmane vi har av Petter Dass, Dorthe Engel­brechtsdotter, Johan Nordahl Brun og sia av W. A. Wexels veg ikkje stort i salmeboka vaar mot alle dei danske som fyller ho (Kingo, Brorson og Grundtvig*).

*) No i siste tid har det komi fleir med, og - underleg nok for mange - helst paa »landsmaal«.

Koss kan det da ha seg at lande kan ha raad til aa stengje ute ein salmediktar som Elias Blix? Jau, dei er dikta paa »maalet« desse salmane, paa det av nord­menn vanagta norske folkemaale. Det er grunnen, - den einaste grunnen.

Det staar som ei djup kluft millom dei som elskar desse salmane og har trong til aa bruke dei, og dei som aldri har faatt auga upp for dei. Det som for some er ein fyremòn og ei hjelp til aa gripe dei og trengje inn i dei, det er for andre eit mein som dei ikkje ein­gong vil freiste aa vinne over. Saaleis har det gaatt til at striden om dei har vorti ein strid ikkje om inn­hald men om form, - ein led i maalstriden, med den spott og det hat i fylgje som liksom har faatt patent paa aa høyre heime der. Den dyre gaava som Elias Blix med Guds hjelp og signing gav sitt folk til styr­kjing og uppbyggjing for deira kristenliv, den blir av vanhelige hender misbrukt til ein gudlaus strid imot eller for det maal dei er skrivne paa.

Elias Blix var ein still og varsam mann, og stilt og varlegt fór han fram med si salmedikting. I 1869 vart det sendt ut eit lite hefte »Nokre salmar« av ein namnlaus forfattar; det var dei fyrste Blixsalmane, 12 i tale. Sia kom det etter hand fleir slike smaahefte. I 1883 kom desse samla i ei ny auka utgaave; tale hadde voksi til 68, framleis namnlause. Saa vidt eg veit var det ikkje før i 1889 han sette namne sitt paa dei; da kom dei i samla utgaave alle dei 150 som 2 aar etter vart upptekne som tillegg til Landstads salmebok. Ved ein fest som vart halden for Blix i Kristiania mange aar etter, da han alt var ein aldrug mann, fortalde han sjøl koss det hadde bori til at han vart salmediktar, og det paa landsmaale.

Han hadde, sa han, fyrst freista aa dikte salmar paa det vanlege bokmaale, men det gjekk tungt og han fekk dei ikkje til aa laate. Men saa vart han gjenom Ivar Aasen kjent med »landsmaalet«, og det vekte upp­att i honom heimlege tonar fraa barndomstida hans der uppe i Nordland, og da han saa freista dikte paa det maale da gjekk det lettare aa faa baade tonane og orda fram. I fyrstninga hadde han gruvt seg for at folk skulde forarga seg over aa sjaa Guds ord og salmar paa eit maal som vart haldi aa vera for simpelt til slikt bruk, men han vart trøysta naar han høyrde om gamle folk som i si siste stund just hadde havt hjelp og glede av det og kjent det som dei kom Gud nærare naar dei fekk tala med honom paa sitt heimlege maal. Dette hadde gjevi honom mod og hug til aa halde ved med det.

Det er mange aar sia Blix døydde og han upplivde i alle fall ikkje stort av den striden som skulde koma inn i  »Guds hus og heilagdom paa jord« om salmane hans. Vi kan alle tenkje oss kor hjerteleg vondt det vilde gjort honom.

II.

Her*) er ikkje rome for ei grundig paavising av det verde denne salmebokskatten har for den norske kyrkja. Dei som søkjer ei betre utgreiding vil eg vise til Hognestads, B. Th. Ankers og Lars Eskelands smaa­bøker om dette emne. Elles talar han vel best for seg sjøl, og der han fyrst har faatt syngje seg inn kjennest nok saknaden ved aa ljote undvera han. Men eg skal peike paa somt.

*) I ”Bonden«.

Fedralandssalmen »Gud signe vaart dyre fedraland» har broti seg ein veg inn til heile folke, saa det kjen­nest mest som trass naar han ikkje blir undateken fraa det vanlege kyrkjeforbode. Kvar I7de mai melder han seg av seg sjøl, og da er han vel lovleg og. Der finst heller ingen andre som kan gjera like for honom. Blix har elles fleir som lyt setjast i same klasse: salmane hans til I7de mai og Olsokdagen. Gustav Jensen har da og teki baae desse inn i salmebokutkaste sitt.

Eg vil med det same faa nemne ein annan salme som ikkje har sin make millom »riksmaals«- salmom. Det er høgmessesalmen (no. 677) »Det er saa godt aa vitja Guds hus og heilagdom paa jord«, den som tek sitt utgangspunkt i det gamle tabernakle og fører dei gamle kyrkjelege fyrebilete saa levande fram for oss og gjer dette saa klaart og herlegt og inderlegt saa han gjerne kunde bli sungen kvar einaste høgmesse aare rundt, og som serleg kunde trengjest i ei tid med saa liten kyrkjesans som vaar.

Noko av det mest sermerkte ved Blixsalmane er vel det biletspraake som gaar gjenom saa mange av dei, - bileta fraa naturen overført paa kristenlive. Det  er ikkje noko nytt, av honom sjøl uppfunni; i grunnen er det ikkje anna enn vaar herre Jesu eige spraak, det som vi kjenner fraa hans liknader og saa mykje av hans tale og som salmediktaren har livt seg slik inn i saa det faar atterljod i diktinga hans. Just eit spraak for naturbundne menneskjer som lengtar etter aa bli løyst, just eit spraak som dei kan gripe og skyne. Difor blir dei saa levande for oss òg; t. eks. »N o livnar det i lundar« overført paa pinseundere, og i den salmen eg nyst nemde eit bilete som dette: »Gjer du vaart turre lende rett grornæmt for ditt gode ord!« Morgon- og kveldsalmane hans ber og smak av det same: daue og liv, natur og aand. Han held seg i det heile saa nær til bibelen Blix. Det er ikkje nokor sers sterk og vid diktarflugt; einfelt og simpelt gjev han oss dei kristne sanningane, men dess lettare naar dei alle, - ogsaa dei som ikkje har godt for aa svinge seg upp i høge himmelsyner.

Det har synt seg at Blixsalmane har havt ei sers evne til aa gripe ungdomen. Dei har da òg serskilde ord til ungdomen (»Aa, tenk paa Gud i ungdoms aar«), men det er ikkje det som er grunnen; den ligg nok heller i den heimlege tala dei fører. Og her gjer sjøl­sagt maale mykje, mest da for landsungdomen, men det gjeld i ikkje liten mòn byungdomen med. Mange av dei er da og komne med i dei songbøker »ynglinge­foreningene« bruker, og det seiest dei blir mykje sungne der.

Mange av dei salmom som er inntekne i salmebok­tillegge er gamle salmar som Blix har omsett. Om dei vil eg berre seia at dei av kunnuge folk har faatt det vitnemaale at dei svarar betre og nøgjare til grunn­teksta enn eldre omsetjingar. Some salmar er og om­sette fraa dansk, t. eks. mange av Kingo og Brorson, og finst frami salmeboka i sin fyrre skapnad med stil og ordleiding fraa 2-300 aar attende, da smaken i mange maatar var mykje annleis enn han no er. Her vil da presten kunne samraade seg med kyrkjelyden om aa ta dei i den form som høver best. Eg skal eksempelvis peike paa ei: Brorsons julesalme »Den yndigste rose er funden« (no. 153, i tillegge no. 648).

Men her kjem vi og inn paa maalformspursmaale, - om vanskane med sjølve maale og den vegt dei kan fortene.

III.

Er det sant dette at Blixsalmane i seg sjølve har saa stort indre verd, - at dei verkeleg er ein skatt som Gud gjenom diktaren har gjevi den norske kyrkja - saa skulde vel alle norske kristne og ljote vedgaa at det er ei synd ikkje aa bruke den skatten. Det som er kyrkja til tap er sjølsagt ei synd mot henne. Men her kjem da den innvendinga at maale er til hinder, saa folk av den grunn ikkje kan bruke dei. At dei ikkje vil kan ikkje her tene som undskyldning; kristne men­neskjer har da elles saa ofte gjort den røynsla at det løner seg for dei aa vinne over ei ulyst, ja at dei gje­nom det just har faatt det beste dei eig. Saa - skyner dei at dei kan tene Guds rikes sak med det, saa ofrar dei nok gjerne sin motvilje mot maale og. Spursmaale blir da berre, kva slag dei er av desse maalvanskane og om dei er for store.

At maale i desse salmom skulde kjennest saa fra­mandt saa folk har vondt for aa skyne dei kan nok ha noko aa seia for dei som aldri har lært aa lesa lands­maal og som kanskje knapt har set ei landsmaalsbok. Men landsmaale er da ikkje lenger saa ungt eit maal heller, og i dei siste 20 aar i det minste har da alle faatt meir eller mindre upplæring i aa lesa det i skulen, baade i bygd og by, omframt det dei elles kan ha møtt av det i bøker eller blad eller gjenom fyredrag. Og songen i levande menneskjers munn har det med seg at han lettar forstaainga; han verkar i saa maate som levande tale, som tale fraa sjæl til sjæl. Og er der da eitkvart orde eller eikor forma som dei fyrste gongen ikkje skynte, saa gaar det snart upp for dei naar dei høyrer det uppatt eller det melder seg  i ein ny samanhang. For den saks skuld kunde vi nok gjerne brukt svenske salmar òg, enda maale i dei ber med seg mykje som for oss jamvel kan føre tanken paa villstraa.

Elles gaar det her som saa ofte elles, at det som for den eine er ei hindring er for den andre reint det motsette. Det som for landsfolk og landstalande folk i byom just har ein god og heimleg klang kan for dei som talar eit purt og reint »riksmaal« kjennest unatur­legt, ja kanskje simpelt eller grovt. Slike ord som t. eks. »eta« og »kjøt«, som dei av den grunn ikkje vil nytte i si daglege tale og langt mindre i høgare stil. Men naar desse orda i salmen kjem paa eit maal der dei høyrer heime og ikkje har minste smak av slikt, da vil all grunn til slik forarging falle burt, just som i svensk. Blix hadde eit fint øyre og var saa vàr for det ein kallar »platt« saa det er større grunn til aa anke over at maale hans er for stivt og tungt enn for kvardagslegt; da vil ein nok raake mange fleir »plat­heter« i andre salmar, og helst da i dei gamle danske. Og kjem »riksmaale« og »landsmaale« til aa blande meir blod med kvarandre vil nok mangt slikt falle burt av seg sjøl. Det som Blix for eit halvt aarhundre sia gruvde seg for, men fann trøyst for, det er det enda langt mindre grunn til aa gruve seg for no da det dan­ske spraakelement har mist saa mykje av sin gamle autoritet som mynster for eit fint og edelt talemaal.

Og saa er det eitt som ingen nordmann godt kan sjaa burt ifraa: at den skapnaden dei har faatt desse salmane den har da sin grunn i norsk natur og folkelynde, og det skulde vel heller tala til godviljen enn til motviljen. Kan det da vera rimelegt og naturlegt for norske folk aa stengje dei ute fraa sine kyrkjer for denne maalskilnaden si skuld? Enda dei veit at det for mange av deira kristne medbrør og medsystrer gjer dei trifaldt kjære og hugtakande. Skulde ikkje »Guds hus og heilagdom« vera ein samlingstad for alle kristne og freiste aa dra dei alle aat seg og samle dei trass all skilnad i andre spursmaal? Eller er skilnaden millom norsk og norsk-dansk saa stor saa kvart av dei tvo maal lyt ha si eigi kyrkje? Er vanskane her saa store saa det ikkje finst bru imillom? Skulde det ikkje her vera baade sunt og godt aa la dei baae møtest i det norske gudshus og der bli taalt jamsides, - bera fredstankar med seg og hjelpe til aa gjera denne beiske ufreden oss nordmenn imillom mildare og mindre kløy­vande enn han er no?

Eg tykkjer Gustav Jensen her har vori inne paa ein god tanke naar han i salmebokutkaste sitt tek dei norske salmane innimillom dei norsk-danske, kvar paa sitt rette sundagsrom. - -

Men - kor som er, og kor mykje maale kan vega for oss her - lat det ikkje gjera oss blinde for den sanninga, at det er med sitt kristelege aandsinnhald Blixsalmane har sitt største verd for vaar kyrkje, og at det er paa det vi fyrst og fremst skal byggje deira rett til aa faa rom i vaare kyrkjehus. Og paa det grunnlage pliktar vaare motstandarar møte oss. Guds hus skal vera fredlyst for maalfanatisme.

 


Frå Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1922. Side 75-83. Elektronisk utgåve 2004 ved Jon Grepstad