Barneverk

(Barnesoge, 1908)

Av Stefan Frich

Ho var berre 12 aar ho Bergit og liti etter alderen. Men ho gjorde meir gagn enn ei vaksi tenestgjente kunde gjort: det var ikkje berre far og mor som sa det. Og endaa var ho paa skulen annankvar dag og greidde seg som dei beste der òg. So nær som i "religion"; der svara ho ikkje nær so godt for seg som dei likaste av dei andre, som kunde remsa upp etter bøkerne. Læraren undra seg ofte paa detta, for han tyktest sjaa paa augo hennar kor godt ho var med i bibelsoga naar han fortalde, - helst naar det var um frelsaren; dei kunde vera so forunderleg blanke daa, og so aalvorslege! Men naar han so spurde henne um ho kom i hug det ho hadde høyrt var det mest ikkje svar aa faa. Han visste ikkje han det Bergit visste: at Sigrid og Margit som var so kjappe til aa fortelja det uppatt altihop etter boki, dei sat støtt berre med flir og altslag tøv som dei hadde imillom seg, og naar dei kom ut i fristundi daa gjorde dei seg til av di dei hadde lurt den toskute læraren. Og vesle Bergit gjorde seg sine fyrste tankar um liv og lære.

Men heime var ho solstraalen i huset. Ho song og tralla og var so forlivande glad dagen lang endaa so mykje der var aa gjera. Og det var ikkje lett-arbeid altsaman heller. Det var ikkje so stor gard lappen dei aatte, men det var ikkje so greidt likevel naar dei laut gjera alt sjølve. Det var 4 kyr aa stella, sauer og gris og hønor, og so var dei 4 menneskje, so det var ikkje so lite matstell og reingjering. Ho mor var fælande flink, men ho kunde daa ikkje vera allestaderne ho heller. Og gamle bestemor stakkar, som var 86 aar og blind og skral med helsa, ho laut ha hjelp rett som det var. Ho var so snild ho bestemor, men det var nok tungsamt aa ikkje sjaa det slag av verdi ikring seg og vera so hjelpelaus. Og ho likte best ha "Vesla" til aa hjelpa seg ho bestemor, og naar Vesla song eller sa noko morosamt daa ljosna andlitet hennar bestemor. Han far var ofte burte, helst um kveldarne, men naar han var heime var han so trøysam [1] og ordhitten og hadde so mange artige rispar aa fortelja, og sume gongerne tok han Vesla paa fanget og fortalde fraa den tidi han rodde fiske, og daa var han sagte god. Ho mor var so still ho, ho var ikkje so glad og lentug ho som han far, men ho laut daa læ ho og naar han var paa sitt beste. Jau det var hugsamt der heime.

Um natti laag ho uppe paa loftet hjaa bestemor; far og mor laag nede i stova. Naar han far hadde vore i byen kom han ikkje heim fyrr dei longa hadde lagt seg, men han staaka og var so høgmælt naar han kom, so ho vakna støtt um ho hadde sovna, og ho høyrde maalet hans lenge; han hadde nok eitkvart morosamt aa fortelja fraa byen; det hende visst so mangt der. Det kunde vore moro gaatt ned og lydt paa, men ho vilde ikkje uroa henne bestemor. Og so bad ho kveldsbøni og sovna.

* * *

So var det ein dag seinhaustes, det leid mot vinternæterne og dei hadde teke upp siste poteterne. Ho skulde faa ny kjole til vinteren og ho Magnhild skræddargjente hadde vore der og teke maal av henne, men no hadde ho flutt til byen og det kom bod fraa henne at Vesla laut koma dit og "prøva".[2] Han far likte det ikkje og sa det var ikkje verdt bruka ei skræddargjente som hadde vorte so stor paa det, men det vart daa so likevel at Vesla skulde faa køyra med honom; dei skulde fara heimantil tidleg paa dagen so ho fekk god tid, for ho skulde prøva tvo gonger. Ho gledde seg svært, for det var so lenge sidan ho hadde vare i byen, og kven veit? Kanskje ho kunde raaka uppi noko fælt morosamt ho med. Og sa var det so gildt aa faa køyra med honom far og Blakken.

Det hadde vare kaldt um natti og rimet laag tjukt utyver, men soli var framme og etter kvart som dei køyrde vart det til dropar; dei glitra som tusen millioner stjernor burtyver marki, og lauvet druste av trei raudt og gult og spreklut. Og so friskt som det var, og som Blakken sprang; det var so moro aa sjaa paa føterne hans kor kjapt dei snøgga seg burt etter vegen. Og han far fortalde um den dagen han og mor køyrde aat kyrkja og vart vigde; det var slik ein klaar vakker haustdag det med, og no var det 13 aar sidan. Ho visste ikkje ordet av fyrr dei var i bygata; ho tykte det hadde gaatt so snøgt som nokre minut berre, men han far sa dei hadde brukt halvannan time, og det var godt gjort av Blakken det sa han.

Ein lang fin bygut kom gangande. Han stana daa han møtte dei og tok av seg hatten og bukka.

"Om forladelse" sa han.

"Kva er tids?" sa han far.

"Hjulet gaar rundt far!" ropte guten og skratta og tok spranget.

"Ja slik er byguten, ser du" sa han far.

Bergit laut læ. Og ho som hadde trutt at dei fine bygutarne var so utifraa kloke! Ho skynte ikkje detta var moro.

"Aa ja, du lyt no ikkje tru dei er slike alle likevel."

Dei køyrde inn i garden hjaa Knut Berg, dei pla setja inn hesten der; dei hadde meste handelen sin der dei fleste av landsfolket. Der var 6 spiltog paa rad; i dei 4 var det hestar fyrr, og Bergit kjende dei; dei var ovantil bygdi alle ihop.

Dei gjekk inn i kaffistova, fekk seg kaffi og ferskt kveitebrød, og so bar det til skræddargjenta. Han far fylgde henne og vart sitjand til ho hadde prøvt. Ho skulde koma att kl. 5 og prøva andre gongen.

Ho var med far sin inn i nokre krambuder; jau der var vel gildt og budfolki var so yverlag blide og beinkesame. I ei bud var der berre bøker etter alle veggjer, fraa golv til tak. Far kjøpte ei bok aat henne; det var smaa forteljingar for born med fagre bilæte i. Ho gledde seg so til aa lesa henne.

Dei gjekk nord aat Knut Berg att med pakkarne sine og stelte hesten; Blakken snudde paa seg og humra daa dei kom. Dei tok fram nisteskræppa og aat. Han far tok upp klokka. "Ho er snart 4 no" sa han, "og eg hev nokre ærender burti byen enno. Du kann sjaa deg um i gata solenge, og so finn du sagte vegen til skræddargjenta att sjølv. Og so fær du gaa hit-att naar du er ferdig, og venta paa meg her."

Ho vart attstaa-and fram med disken; ho var so pratsam jomfrui, og ho sa henne kor ho skulde gaa av naar ho vilde sjaa seg um.

Ho gjekk og dreiv i gata og saa paa borni kor dei for og leikte seg; dei staaka endaa mykje verre enn skuleborni heime i bygdi, men dei var svære til aa faa leiken til aa gaa. Einstad hadde det flokka seg ihop so mykje folk midt i gata. Ho gjekk burtaat, skulde sjaa. Tvo fine karar med gullsnor i huva drog ein full mann millom seg; han skulde paa raadstova sa dei. Han skreik og banna og vilde ikkje fylgja dei, men dei sleit honom med seg. Ho stygdest og snudde seg ifraa.

Ho gjekk aat skræddargjenta att og vart prøvd andre gongen. Jau han "sat" godt kjolen, og han skulde bli ferdig straks yver helgi.

Daa ho kom attende aat Knut Berg var ikkje han far komen endaa. Men han kom vel snart. Og jomfrui var snild med henne og trakterte med rosiner og sveskor og drøste um kor gildt dei hadde det i byen, baade med komedie og andre slag moro.

Men det drygde so lenge fyrr han far kom. Ho gjekk ut rett som det var og saag etter honom, men klokka vart baade 6 og 7 og han kom ikkje. Ho undrast paa kor han kunde vera.

"Jau han er nok paa samlaget" sa krambudguten; "eg saag honom i lag med honom Jens Haaland i stad, og daa bar det sagte dit."

Ho hadde høyrt gjete samlaget der dei verste fyllefantarne brukte paa aa sitja. Han far paa samlaget! Og i lag med honom Jens Haaland, den styggaste mannen ho hadde set! Daa ho gjekk heim att fraa skulen for nokre dagar sidan hadde ho møtt honom paa vegen; han sat paa kjerra og vagga med hovudet, og rett som det var reiste han seg upp i kjerra og skreik som eit villt dyr og slo paa hesten med svipa so det stakkars skumsveitte dyret dirra og skolv. Ho fekk otte paa seg, det kunde henda eitkvart gale med honom far. Og ho bar til aa tenkja paa den fulle mannen dei hadde drege paa raadstova.

Kor samlaget var? Jau det var trast syd i gata det sa krambudguten, paa nedre sida og "Brændevinssamlag" stod det med store bokstavar yver døri.

Ho lunka so smaatt sydetter gata um ho kunde faa sjaa honom. Jau der stod det; det var eit stort fint gulmaala hus, men koss var det inni der? Ho vart staaand og saag inn gjenom glasi, men ho saag ingen. Det saag reint stilt ut, kanskje det ikkje var so faarlegt som ho hadde tenkt; læraren hennar hadde tala um det paa skulen som noko ustyggjeleg stygt.

Jau der kom det tvo ut; dei raga paa troppi, og den eine hadde so nær stupt. Dei var so rare i augo, elles gjorde dei ikkje stort av seg.

Enn um ho vaaga seg inn aa spyrja etter um han var der? Men det var so leidt aa spyrja òg. Enn um han ikkje var der likevel? Kanskje det berre var noko drøs av krambudguten. Og um han var der, vilde han ikkje tykkja ille um ho gjorde det? Ho laut ha tolmod ei stund enno og venta. Ho gjekk og dreiv att og fram ei lang stund; den store klokka i glaset hjaa urmakaren var snart 8. Aa nei kor dette var vondt. Ho laut vaaga det likevel.

Ho lét upp døri og gjekk inn. Eit stort ljost rom, mest som ei krambud, med flaskor uppetter alle veg gjerne. Ein liten rund triveleg blid mann stod att-um disken; han saag slett ikkje faarleg ut.

"Eg vil de berre spyrja, um han - um han Tore Vangen - hev vore her?"

"Tore Vangen? Jo da, han sitter her inde med et par gode venner. Men det er ikkje værdt du forstyrrer dem du gjenta mi, han kommer nok snart skal du se."

Ho snudde seg og vilde gaa ut-att. Men so høyrde ho ein ropte so høgt i romet der til vinstre og slo i bordet; døri var opi. Og so høyrde ho maalet til far sin; " hald kjeften din Jens!" sa han. Han laut vera sint naar han tok i so kvast. "Eg skal kjefta deg eg!" skreik den andre, og det vart slik staak inn-i der. Ho sprang inn, og diskemannen lunka etter.

Dei hadde sete ikring eit lite bord i burtre kraai, glasi deira stod der endaa. Men no hadde dei reist seg. Han Jens stod beint frammanfor far hennar og sette knytneven upp i nasen paa honom og svor han skulde dengja honom; han skulde plukka honom upp i smaa gryn. Far hennar var raud i andlitet og sint og sa han kunde berre koma um han torde. Han Nils fraa andre Haalandsgarden freista avstyra; han skulde traktera ein umgang til um dei vilde drikka paa forlik sa han. Men dei høyrde ikkje paa honom.

"Far, far!" ropte Bergit; "kjære gaa ifraa honom! Kom no daa far!" Og ho drog i honom.

"Nu henter jeg politiet" sa diskemannen, han gjekk aat telefonen.

"Hald deg unda unge!" sa han far. Men ho vilde ikkje sleppa.

"Eg meiner - - ungen - raar paa deg - din krok!" skreik han Jens.

Sinnet tok far hennar og han slengde henne hardt ifraa seg. Ho stupte att yver med hovudet burti kanten av bordet, datt i golvet og vart liggjand; ho gav ikkje ein knyst ifraa seg. Han Jens slo etter Tore, men no hadde han vorte roleg og takka seg undan.

"Ser du ikkje dotter mi?" sa han.

Men han Jens var like galen og vilde setja paa honom att. Men sa kom politiet og tok honom.

* * *

Rusen hadde gaatt av han om Tore straks daa han saag kor ille dotter hans var medfari. Ho hadde slegi seg stygt i bakhovudet so det var eit djupt hol. Han fekk i doktaren straks. Han let ille; hjerna hadde faatt slik skade sa det var faare for livet, og fekk ho liva var det faare for vitet.

Det gjekk daa betre likevel. Ho vart liggjand mange vikor og det saag spøkjelegt ut, men ho kom seg daa til­slutt og fekk ikkje anna mein enn eit stort ær.

Sidan var ho berre glad for det æret. For han far sa at det æret hadde berga honom for aa bli ein drikkar, og ho mor vart lett og glad ho òg daa den store tyngsla vart burte fraa huset. Og solstraalen skein dubbelt fagert og det vart dubbelt so hugsamt der heime.

[Notar:]
 [1] morosam.
 [2] maata paa seg kjolen.

 


Frå Smaafolk. Nokre Barnesogor av Stefan Frich. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1908. Side 9-18. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad