Anna R. Folkestad

Anna R. Folkestad

Anna R. Folkestad er barnebokforfattar og illustratør. Ho nyttar eigne illustrasjonar i nynorskbøkene sine for dei yngste. Folkestad debuterte i 2011 med biletboka Henrik And.

Anna Rommetveit Folkestad er fødd 24. juni 1983 og er frå Stord i Hordaland. Ho gjekk på Kunstskulen i Rogaland i 2003–04 og tok teknisk teikning ved Noroff i 2007–08. Forfattaren har hatt oppdrag for Den kulturelle skulesekken og Nynorsksenteret i 2014–17.

Folkestad debuterte i 2011 med biletboka Henrik And. I 2012–13 gav ho ut tre bøker om pingvinane Unni og Gunni, også desse biletbøker. Tanntrøbbel (2015), Krabbekrise (2016) og Plommeproblem (2017) handlar alle om duoen Besta og Bo, og er ein del av lettlestserien «Leseland».

Forfattaren vender seg til dei aller yngste lesarane, og samspelet og harmonien mellom illustrasjonar og tekst har særleg appell til denne målgruppa. Som illustratør nyttar ho sterk og klar fargebruk, og ho har eit engasjert visuelt uttrykk. Språket i bøkene er kjenneteikna av humor og livsglede, samstundes som dei tilbyr innsikt og opnar for funderingar rundt verdiar og samspel mellom individ.

Serien om pingvinane Unni og Gunni handlar om heimen, og om å vere på reise. Kvaliteten i forteljingane ligg i tydelege, talande illustrasjonar og karakterar. Samtalen mellom pingvinane er enkel, men handlinga er likevel innom store og viktige spørsmål i livet. Bøkene om Besta og Bo tek på humoristisk vis for seg kvardagsproblem og den gode kjensla av å ha ei smågal bestemor.

For boka Unni og Gunni reiser, fekk forfattaren tildelt Nynorsk barnelitteraturpris i 2012. I 2014 fekk Folkestad Kulturrådet sitt arbeidsstipend for yngre nyetablerte kunstnarar.

 

Frå Marte Sande: "Anna R. Folkestad", Allkunne.no, sist oppdatert 14.11.2018 [lesedato 7.1.2019]
Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.