Dalen Portland

(Roman, 1977, utdrag)

BARN OG FULLE FOLK
 
Ho plantar hælane i støypen og står. Ho står og bøyer seg fram, slår ut med armane, som til eit startstup, tar tak i hanken på kvar side av den fulle sinkbaljen og løfter. Den eldre kvinna ved sida av henne slengjer eit siste vått plagg oppå kleshaugen i baljen. Ho ristar hendene i lufta. Så stryk ho dei over forkledet på magen, tørkar handbak og handflate.
    Så, seier ho. Det er haugen på nok. Du kan gå og hengja opp nå.
    Den unge kvinna vaggar tungt over golvet, med breie hofter og stiv rygg og baljen på strake armar. Ho er kledd i sid stakk og har kvitt skaut på hovudet og tresko på føtene. I kjellardøra stoppar ho, og blir ståande dørgande roleg mot sola utanfor, som ein mørk eindimensjonal og symmetrisk figur, klipt ut av historia og lagd på lys rektangulær bakgrunn for kontrast.
    Kva kan nå det vera? seier ho halvhøgt ut i lyset.
    Det blir brått stille bak henne. Ho høyrer at den eldre kvinna sluttar å romstera med stampane og vaskebretta inne i kjellaren. Så kjem ho klaprande over golvet, og opp på sida av kvinna i døra. Blå fjord, grøne lier, blå himmel. Ho set bryner, og blir ståande og myse mot sola. Så ser ho også noko som lear på seg.
    Er det ikkje sonen til Samel Høysand?
    Kan du forstå kva han spring etter?
    Den gamle skyggjer for sola med høgre handa for å sjå betre.
    Nei, seier ho. Men viss det er rett det som blir sagt, at det er av barn og fulle folk ein skal få høyre sanninga, så ser det nå ut til at vegen bort frå usanninga ikkje akurat er den som er beinast og lettast å ta seg fram på. Det er berre å prøva å følgja fotspora til den der, så vil dei nok finna ut at det blir mange omvegar å gå.
    Seie meg så.
    Sakta det.
    Seie då det.
    Den gamle svarar ikkje. Ho snur seg brått og klaprar inn igjen i halvmørkret. Dottera skifter tak i hankane på sinkbaljen, og vaggar vidare over tunet, rak under børa. Ho høyrer skramlinga med kjørel og kar ta til igjen inne i kjellaren.
   

Frå Kjartan Fløgstad: Dalen Portland. Det Norske Samlaget 1977. Side 13-14.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.