Brennbart

(Roman, 2004, utdrag)

Ein sommardag i 1904 er Saamund Bergland på veg inn i Gjerpen prestegard med eit fange ved. Saamund er 23 år gammal og dreng på garden. Framfor hovudinngangen står 17-åringen Vidkun Quisling og nokre kameratar. Drengen må forbi den velvaksne sonen til prost Jon Quisling og flokken rundt han.
"Kan de flyttje dikkøn?" spør han.
Vidkun rikkar seg ikkje. Saamund må seia meir, og gutane ler.
"Det er eit merkelig språk du har, Saamund," kommenterer Vidkun, som sjølv har blitt plaga for å ha snakka fyresdølsk då han byrja på skule i Drammen i 1893.
"Det målet ha`e vel du au, ein gøng?" svarar Saamund.
Då skjer det følgande, slik Saamund sjølv fortalde til barnebarnet Arne W. Aasland: "Vidkun, 185 cm høy og tungbygd, mister alle bremser. I avsindig raseri går han løs på den spinkle drengen på 170.
Hva angrepet besto i, vet jeg ikke fullt ut. Morfar likte ikke å skildre vold. Jeg vet at han endte i bakken og at høyre leggbein var sparket tvers av ... Prosten (også formann i Skien skolestyre) sørget for å flytte den skadede drengen inn i et avsides rom i hovedbygningen. Han fikk godt stell, men var ute av funksjon i over to måneder. I seks uker lå han med benet i strekk og gips."
 

Frå Kjartan Fløgstad: Brennbart. Gyldendal 2004. Side 9-10.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.